|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Balestrand - Kvikne's hotell: Ny utviding på Kvikne's | Kvikne's hotell i keisartida etter 1900. |
I 1912 vart dei eldste bygningane frå handels- og gjestgjevartida rivne for å gje plass til den største utvidinga av Kvikne's Hotell til då. Publisert 10.06.2002 15:04. Oppdatert 18.07.2002 15:47.Nybygget vart reist i same sveitsarstil og skøytt saman med hotellet frå 1894, og hotellfasaden mot fjorden fekk etter denne utvidinga den utsjånad som vi kjenner i dag.
Hotellet hadde opptil 30 tilsette i turistsesongen, og kunne ta imot 150 overnattingsgjestar og servere 200 personar samstundes i matsalen.
Tøyvask og stell av gjestane sine klede vart sett bort til kvinner i bygda, eller vart vaska i eit bryggjarhus vest for hotellet.
Eige ishusHotellet hadde eige ishus for kjøling av matvarer. Isen vart skoren om vinteren i ein dam på Holmamyri, frå isbreen ved Ramnaberg, eller frakta frå Eidevatnet i Skjolden, der Sogn Iscompagni dreiv stor isproduksjon.
Ole Kvikne hadde også kjøpt fire hus i nærleiken. Her vart det m.a. drive landhandel, bokhandel og bakeri til lenge etter 2. verdskrig.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|