Frå gamalt av var det livleg handel mellom kyst- og innlandsbygder i Vik: Folk frå Voss - særleg frå Myrkdalen på Vossestrand og Jordalen - handla salt, fisk og sild i Vik.
Den første registreringa av handelsmenn i Vik er frå 1659. Då er det nemnt to handelsborgarar i bygda; Jon Robertsen frå Kirkwall på Orknøyane og Jens Rasmusson frå Holstein. Begge dreiv handel i Vik i omlag 10 år.
Den første gjestgjevaren i Vik var Per Klokkar i 1659. Gjestgjevarløyvet vart frå 1725 disponert av ein annan klokkar, den danskætta Mads Hansen Sæby (1640-1734), og fylgde hans slekt i fleire generasjonar. Slekta skifta namn frå Sæby til Sæbø. Dei hadde også handelsløyve.
I 1812 overtok den første bondeguten frå Vik, Nils Olson Åse, som handelsmann og gjestgjevar i Vik. Han tok etternamnet Sæbø og var inngift i dei velståande Daae og Tuchsen-slektene, som hadde store jordeigedomar i Vik, og det var kona Christine Marie Tuchsen som styrde både handel og gjestgiveri.
Sonen Ola Nilson Sæbø selde i 1833 handelen og gjestgiveriet til bergensaren
Jens Boalth Wallentinsen. Han hadde gard på Hove med eit staseleg bustadhus der det var utanlandske bilettapetar på veggane. Dette huset vart i 1890 selt og flytta til Vange, der det vart gjenreist i enklare stil, og tapeta gjekk tapt. Det var i ein bakaromn i Jens Boalth Wallentinsen sin butikk at storbrannen som gjorde 333 vikjer huslause i 1838, starta (sjå "
Ulukker i Vik"). Wallentinsen hadde teke til å byggje opp att gjestgjevargarden som eit hotell, men bestemte seg i 1847 for å flytte tilbake til Bergen. Han selde det halvferdige hotellet til svogeren Ole Andreas Hopstock frå Risør - og resten av historia finn du under
Hopstock Hotell.
Vangsnes
På Vangsnes har det vore kremmarleie og gjestgiveri frå 1600-talet. Dei første handlande på Vangsnes var borgarar med handelsbrev frå Bergen.
Den første offentlege gjestgjevaren, Johannes Markussen, kom i 1733, og ei gamal stove og eit toetasjes hus frå tidleg 1800-tal står framleis. I 1841 fekk Lasse L. Vangsnes handelsløyve, og var i tillegg skysskaffar, dampskipsekspeditør og postopnar.
Feios
I Osen i Feios var det gjestgiveri og kremmarleie heilt frå 1678, då Kristoffer Simonsen Guddal er komen på plass. Bernt Nagel og seinare Dominikus Nagel frå Kroken i Luster var formelle eigarar der den første tida. Dei stamma frå same slekta som dei mektige futane på
Svanøy-godset.
I 1753 fekk Palne Endreson Henjum gjestgjevarløyve. Hans slekt endra namn til Osen, og dreiv handel og gjestgiveri fram til 1870, då Anders M. Eithun tok over. I 1875 vart Christen I. Offerdal eigar.
Langs stranda i Osen budde det i 1801 11 huslydar med tilsaman 40 menneske.
I Osen stod også ei vassag frå 1600-talet.
Fresvik
I Fresvik har det truleg vore gjestgiveri sidan 1600-talet. I 1836 fekk godseigar Wollert Krohn Hille (sjå
Fresvik-godset) handelsløyve. Ole Davidsen Skjervheim tok over i 1859, etter at han m.a. hadde vore veginspektør i Sogn og eigd garden Fretheim i Arnafjord. Han utvandra til Amerika i 1868.
Arnafjord
I Arnafjord kom den første handelsmannen kring 1820-1830. Han heitte Tollak Walsvig, men omfanget på handelen er uklårt. Den første med handelsbrev i Arnafjord var Hallvard Knutsen Odlene som dreiv landhandel i eit naust frå 1872 til 1883.
I 1885 starta Hermund Johannessen Næse handel på Nese, men dreiv berre eit par år der før han i 1888 prøvde med ny handel i Valsvik. Heller ikkje det gjekk, for året etter emigrerte han til Amerika.