SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Politiske parti i Sogn og Fjordane:

Venstre i Sogn og Fjordane

Venstre er det eldste politiske partiet i Noreg, og vart skipa i 1884. Det var kampen for folkestyre mot embetsmannsstyre, utvida røysterett og kampen for parlamentarismen som førte til skipinga av partiet.

Publisert 11.01.2006 11:01. Oppdatert 27.10.2006 10:26.

Venstre fekk fleirtal i Stortinget i 1884, og leiaren Johan Sverdrup danna regjering. Få parti har vore så plaga av indre strid og kløyvingar fram gjennom tida som partiet Venstre - også i Sogn og Fjordane. Særleg ille var det i Nordfjord i den tida fylket var delt inn i einnmanns valkrinsar frå 1906 til 1921.

Venstre gjorde reint bord i 1884

Venstre fekk ein sterk start i Sogn og Fjordane, der både embetsmannsskeptiske bondevenforeningar og lavkyrkjelege miljø kring haugianarane stod sterkt: Ved Stortingsvalet i 1884 tok Venstre alle dei fem mandata frå Sogn og Fjordane.
Ein av desse tingmennene var prest og folkehøgskulestyrar i Sogndal, Jakob Liv Rosted Sverdrup. Partihovdingen Johan Sverdrup var onkelen til Jakob Sverdrup, og med åra fekk Jakob stor innverknad på den politikken som den aldrande onkelen førte. Dette skapte stor strid i Venstre, og til slutt kløyving.

Første partikløyvinga og Moderate Venstre

Før Stortingsvalet i 1888 vart Venstre kløyvd i ”reine Venstre" og Moderate Venstre. Moderate Venstre fekk inn 23 representantar ved Stortingsvalet i 1888.
Moderate Venstre hadde størst oppslutning på Vestlandet, særleg i den lavkyrkjelege delen av folket, og mange reknar Kristeleg Folkeparti, skipa i 1933, som framhaldet av denne ”rørsla” på Vestlandet. Ved stortingsvalet i Sogn og Fjordane i 1892 hadde Moderate Venstre over 25 prosents oppslutnad i kommunane i indre Sogn med unntak av Lærdal og Årdal, sognekommunane på nordsida av fjorden vestover t.o.m. Lavik, i Bremanger, og alle kommunane i Nordfjord frå og med Davik og austover.

I Sogn og Fjordane tok Moderate Venstre tre av dei fem Stortings-plassane i 1888. Dei to andre gjekk til Høgre. Høgre og Moderate Venstre hadde alle Stortings-plassane frå Sogn og Fjordane fram til 1900, då Venstre tok tilbake alle plassane.
Ved Stortingsvalet i 1903 gjekk Moderate Venstre inn i Samlingspartiet saman med moderate Høgre-folk som ikkje lenger fann seg til rette i det sterkt konservative Høgre. Med Christian Michelsen i spissen fekk denne grupperinga i Samlingspartiet klårt fleirtal i Stortinget.
- Les meir om partikløyvinga i Venstre under Jakob Liv Rosted Sverdrup.

Frisinnede Venstre

vart skipa 1909 som ein protest m.a. mot det utbrytarane meinte var eit ”radikalisert” Venstre og deira restriktive line i konsesjonspolitikken og samarbeid med Arbeidarpartiet. Frisinnede Venstre samarbeidde med Høgre i fleire regjeringar, og hadde statsministeren, Abraham Berge, i 1923. Frå midten av 1920-talet fekk Frisinnede Venstre ei friare stilling, skifta namn til Frisinnede Folkeparti i 1933, men miste oppslutning og stilte ikkje lister etter 2. verdskrig.

Ved valsamarbeidet med Høgre i 1909 fekk Frisinnede Venstre vararepresentanten frå Sunnfjord krins: Søren M. Øvrebø frå Jølster. (Mellom 1906 og 1921 var det ei spesiell valordning til Stortinget med einmannskrinsar. Sogn og Fjordane var delt inn i Nordfjord valkrins, Sunnfjord valkrins, Kinn valkrins, Indre Sogn valkrins og Ytre Sogn valkrins.) Det same skjedde i Ytre Sogn valkrins i 1915 (John J. Kjellevold, Gulen). Heilt fram til Stortingsvalet i 1927 stilte partiet samarbeidslister med Høgre i Sogn og Fjordane.

Problem for Venstre i Nordfjord

Då det vart gjennomført ei ny valordning med einmannskrinsar i 1906, kom det til syne sterke spenningar mellom Venstre-folka i Nordfjord. Ved valet vart det stilt ikkje mindre enn tre Venstre-lister i Nordfjord-krinsen, i tillegg til ei liste frå Samlingspartiet. Det måtte omval til, og no vann Venstre-lista med lensmann Sigmund S. K. Aarnes (sjå Kjende personar i Stryn fødde år 1850-1875) frå Stryn mandatet.

Men usemja om toppkandidat dukka oppatt ved valet i 1909. På nytt vart det stilt to Venstre-lister : Aarnes toppa begge! Men fjorden kløyvde seg om andreplassen. Difor vart krigskomissær John Myklebust frå Nordfjordeid sett opp som nummer to på den eine lista, og klokkar Apollonius L. Rosenlund (sjå Kjende personar i Bremanger fødde før 1900) frå Davik på den andre.

I Nordfjord krins hadde Venstre også store problem med å finne ein samlande kandidat ved Stortingsvalet i 1918. Dette førte til at det vart stilt to ulike Venstre-lister. Resultatet vart at ”opprørslista” fekk inn Elias Faleide frå Gloppen, med Lars P. Lefdal frå Davik som vara.

Ved Stortingsvalet i 1924 kom det til nytt opprør i Nordfjord, som ikkje tok til takke berre med ein tredjeplass på fylkeslista til Venstre. Tidlegare statsminister Gunnar Knudsen reiste på talarferd i Nordfjord for å roe gemyttane og mana til samling. Men nordfjordingane var uforsonlege: Dei stilte eiga liste for ”Nordfjord Venstre” med krigskommissær John Myklebust frå Nordfjordeid på topp. Han hadde vore vara ved to val tidlegare, og no meinte nordfjordingane at det måtte verte denne aktive samfunnsbyggjaren sin tur å få plass på tinget. Men Nordfjord-lista fekk berre 1578 røyster og oppnådde ikkje mandatplass. Den gjorde heller ikkje større skade for fylkeslista til Venstre, som dette året fekk 11.891 røyster og tok tre av dei fem Stortings-mandata i fylket.

EF-striden kløyver Venstre på nytt

Under EF-striden i 1972 vart Venstre på nytt delt: Nei-folket vart verande i Venstre, medan Ja-folket skipa sitt eige parti: Det Liberale Folkepartiet. I 1988 vedtok landsmøtet å leggje ned DLF, men partiet vart vekt til live att i 1992 av ei lita gruppe tidlegare DLF-folk. I Sogn og Fjordane har ikkje denne nye gruppa vore aktiv og stilt lister.

I Sogn og Fjordane fekk Det Liberale Folkepartiet inn to representantar i fylkestinget i 1976: Reidar Tveit, Førde og Leif Våge, Vågsøy.
Den populære Førde-ordføraren Reidar Tveit fekk største kommunestyregruppa for Det Liberale Folkepartiet ved kommunevalet same år. I fylkestinget var DLF siste gong representert med ordførar Otto Hoddevik frå Måløy, frå 1980 til 1983.

MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no