SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Organisasjonar i Sogn og Fjordane:

Sogn og Fjordane Fotballkrets

Fotball har vore spela som ein slags balleik heilt frå oldtida: Både i Kina, Hellas, Sør-Amerika og Europa finst det kjelder som fortel om eit slikt spel.

Publisert 23.01.2006 11:28. Oppdatert 15.06.2006 11:57.

Tore André Flo frå Stryn er den spelaren frå fylket som har nådd lengst internasjonalt. Her etter skåring for Siena i italiensk serie A. Scanpix-foto AP Photo - Domenico Stinellas.
Den første organiserte fotballklubben var ”Sheffield Club”, skipa i England i 1855. Fotballen som organisert lagspel vart innført i Noreg på 1880-talet, og den første fotballklubben – Christiania Footballclub – vart skipa i 1885. I 1886 spela to engelske lag oppvisingkamp i Bergen, og derifrå spreidde interessa for spelet seg utover i landdistrikta. Norges Fotballforbund vart skipa i 1902, og Sogn og Fjordane Fotballkrets i 1922, men fotballspelet var utbreidd fleire stader i fylket før den tid.

Nordfjordeid og Florø først med fotball

I fotballen som elles i idretten i fylket, var det i Florø og på Nordfjordeid at det heile starta: Historikaren og offiseren Edvard Os fortel at det første fotballaget på Nordfjordeid vart skipa i 1900 eller 1901 av Martin Myklebust, som hadde fått inspirasjonen frå Bergen. Dette Eida-laget spela same året sin første kamp mot eit nyskipa lag frå Florø. Også på Sandane finst det kjelder som fortel om fotballspel i 1903.
Florø Fotballklubb vart formelt skipa 1912, og spela året etter mot Brann i Bergen. Eids Fotballklubb (sjå under Idrettslaga på Nordfjordeid) vart skipa i 1921, og omlag samstundes fekk nabobygda Haugen sitt eige fotballag i ”Vrangfoss Idrettslag”, seinare Haugen Idrettslag. Også i bygda Hjelle i same kommune og i Stryn hadde ein starta fotballlag på denne tida.
Fotballkamp på Sletta i Høyanger. Foto frå biletarkivet til Hydro.

Industristadene tidleg ute

I den nye industribygda Høyanger tok innvandra arbeidarar fotballinteressa med seg: Høyanger Idrettsforening (HIF) vart skipa i 1917 og starta same året eige fotballag. I 1918 vart arbeidaridrettslaget Falken skipa i Høyanger og fekk straks eiga fotballgruppe. I 1921 fekk bygda eiga fotballbane på Hjetlandsjordet.
På same vis som i Høyanger, tok innvandra arbeidarar med seg fotballspelet til aluminiumsbygda Stongfjorden ( - les meir om Nordens første aluminiumsverk under British Aluminium Company ): Engelskmannen Morris Turner starta det første fotballaget i Stongfjorden, og bygda fekk eiga grusbane i 1920-1922.

Pionérfotball i Fresvik

Utover dei tradisjonelt sterke idrettsmiljøa i Nordfjord og Florø, og idrettslaga som kom til på dei nye industristadene, så høyrde det til unntaka at det vart skipa fotballag andre stader i fylket før 1920. Eitt unntak var Fresvik i Sogn, der fotballklubben ”Modig” vart skipa i 1919. Grunnen var at ein gut frå bygda året før hadde kjøpt seg ein fotball i Bergen, og dermed vart det heile bokstaveleg tala sparka i gang!
Fotballen til Halvdan Bøthun i Fresvik var visstnok den første fotballen i indre Sogn. I 1922 fekk Flåm eige fotballlag, skipa av lærarstudentar heime på ferie.
Dei første ti-åra var fotballen i fylket organisert i eigne klubbar. Såleis var det ingen av dei 36 idretts- og ungdomslaga som var medlemmer i Centralforeningen i 1918, som hadde fotball som aktivitet.

Eigen fotballkrins for fylket

Då Sogn og Fjordane Fotballkrets vart skipa i 1922, var dette det siste fylket i landet som fekk eigen fylkeskrins for fotball. Ved skipingsmøtet i Florø var det utsendingar frå fotballklubbane i Stryn, Eid, Florø, Høyanger og Fresvik. Den første krinsformannen, Bjarne Vassbotten, og resten av styret kom frå Florø.
Alt første året vart det skipa til kvalifiseringskampar for ein A- og ein B-serie. Arbeidaridrettslaget Falken frå Høyanger vart den første seriemeisteren i A-serien i 1922.
I 1923 fekk fotballkrisen autorisert dei tre første fotballdomarane, to frå Florø og ein frå Nordfjordeid.

Laber interesse på 20-talet

Men trass i at eit samansett fotballag med toppspelarar frå ulike Bergens-klubbar turnerte i fylket i 1924 for å drive propaganda for den nye idretten, var det svært laber interesse for fotball utover heile 1920-talet. Krinsen sleit med å få stelt til kampar og kåra krinsmeistrar, og til og med i dei tradisjonelt sterke fotballmiljøa i Nordfjord, Florø og Høyanger, dreiv dei tungt. Lange reiser og økonomiske nedgangstider var viktige årsaker. I lange periodar var ikkje fotballklubbane i Nordfjord eingong medlemmer i fylkeskrinsen.
Både i 1923 og 1925 kom det framlegg om deling av fotballkrinsen i to eller tre krinsar, med framlegga fekk ikkje fleirtal på fotballtinget.

Nye fotballag i 30-åra

Men frå 1931 blømde på nytt interessa for fotball: Dei gamle klubbane vakna til liv att, og i fleire større bygder i Nordfjord og Sunnfjord vart det skipa nye fotballag. I 1937 var 18 lag innmelde i fylkeskrinsen. Ein viktig grunn til den sterke auken var at fotballkrinsen delte fylket i fleire soner der laga kunne halde lokale turneringar. Dette letta problema med dei lange og kostbare reisene til andre distrikt. Sonevinnarane møttest på slutten av sesongen til kamp om krinsmeisterskapen.
Ei av bygdene om merka seg ut med eit sterkt fotballag på slutten av 1930-talet, var ”skobygda” Dale i Sunnfjord. På same vis som i Stongfjorden og Høyanger eit par ti-år tidlegare, så var det innflytte arbeidarar som gjekk i brodden for fotballen i Dale. Ein av desse var bergensaren Ernst Keul (sjå denne under Kjende personar i Fjaler fødde år 1900-1950) som kom til Dale i 1936 og fekk skipa fotballag og bygd bane.
Under 2. verdskrig låg det meste av den organiserte fotballen nede, men kringom i fylket hende det at laga møttest til illegale turneringar.
Ved freden i 1945 tok Sogn og Fjordane Fotballkrets opp att systemet med dei regionale krinsseriane som var starta før krigen.
Høyanger Idrettsforening - HIF - i kamp mot eit lag frå Bergen i 1947. Foto frå Gamle høyanger.

Sogn og Fjordane vart halde utanfor

På nasjonalt plan vart Norges-serien innført i 1936. Denne omfatta åtte distrikt i Sør-Noreg, men Sogn og Fjordane var det einaste fylket i landsdelen som ikkje var med. Fylket vart også halde utanfor då forbundstinget i 1948 innførte ein hovudserie i to avdelingar for i alt åtte distrikt.
I 1950 kom landsdelsserien på nivået under hovudserien, men fotballen i Sogn og Fjordane fekk heller ikkje vere med no.
På slutten av 1950-talet vart serien i Sør-Noreg delt opp i ein 1. divisjon, to 2. divisjonar og sju 3. divisjonar. Divisjonane 4. -8. skulle spelast på krinsnivå. Men heller ikkje no fekk Sogn og Fjordane vere med i 3. divisjonsspelet, og det var klubbane i Hordaland og Møre og Romsdal som kjempa hardast imot å ta grannefylket med. Dei argumenterte med reiseavstandar og økonomi.
Først i 1963 kom Sogn og Fjordane med som fullverdig medlem av det nasjonale seriesystemet, og topplaget Jotun kvalifiserte seg for spel i 3. divisjon same året.

Jotun det første store laget

Det store fotballaget i fylket i etterkrigstida var Jotun frå den nye industristaden Øvre Årdal: Laget var krinsmeister i A-klassen i ei ubrota line frå 1951 til og med 1962. Ein sentral mann i fotballmiljøet både i Årdal og i Sogn og Fjordane gjennom ein mannsalder var Karsten Skuggen Hoff (sjå denne under Kjende personar i Årdal fødde år 1900-1950). I 1961 vart det skipa ein 4. divisjon for dei åtte beste laga i Sogn og Fjordane, og i 1962 kvalifiserte Jotun seg til 4. divisjonspel frå sesongen 1963, då fylket for første gong kom med som fullverdig medlem i det nasjonale seriesystemet. Både i 1963 og 1964 kom Jotun på fjerdeplass på ”Vestlands-tabellen” i 3. divisjon, og i 1965 på andreplass. I 1968 vann laget 3. divisjon, men tapte kvalifiseringa til 2. divisjon.

Rune Bolseth i kamp for Sogndal på Fosshaugane

Sogndal Fotball det nye flaggskipet

Frå 1968 er det fotballaget i Sogndal som har vore det leiande fotballaget i Sogn og Fjordane. Dette året kom sogndølene til tredje runde i cupen, og i 1972 rykte laget opp i 2. divisjon som det første laget frå Sogn og Fjordane. Den største bragden gjorde nok sogndølene då dei som tredjedivisjonslag kom heilt til cupfinalen på Ullevaal, der dei tapte 2-1 mot Brann.
Sogndal Fotball vert ofte kalla ”fylkelaget” fordi det heilt sidan 1970-talet har trekt til seg fotballtalent frå heile fylket. Mange av desse har seinare spela på A-landslaget og vorte profesjonelle fotballspelarar i utlandet.
- Les meir om Fotballaget Sogndal.

Margunn Humlestøl Haugenes i landslagsdrakta. Foto NRK

Jentene kjem med

Kvinnefotball var heilt fram på 1970-talet berre til lått og løye som underhaldning på 17.mai-tilskipingar kringom i bygdene, når det lokale husmorlaget møtte kommunetyret eller andre mannsterke forsamlingar til dyst. Dei gamle fordommane om at kvinner berre skulle delta i grasiøse og yndige idrettsaktivitetar sat lenge i: Damehandball kunne til naud tolerast, men ikkje røfft fotballspel. – Kvinner var ikkje skapte til slikt, meinte kjende fotballeiarar til langt inn på 70-talet.
Det første damefotballaget i Noreg vart starta i Jerv, Grimstad i 1970, og i 1973 fekk Noreg sin første kvinnelege fotballtrenar. Same året starta einskilde krinsar med seriekampar for kvinnelag, men det første offisielle Noregsmeisterskap i kvinnefotball vart ikkje skipa til før i 1978.
Det første laget som tok kvinnefotball på alvor i Sogn og Fjordane var Eid Idrettslag, ikkje minst takka vere innsatsen til fotballveteranen Sverre Heggen . I 1976 skipa han til fotballskule der jenter fekk vere med, og i 1977 fekk han i stand ei jenteturnering på Nordfjordeid. Same året fekk krinsen sin første jenteserie med lag frå Eid, Florø, Førde og Tornado (Raudeberg).
Damelaget frå Kaupanger Idrettslag var i åra frå 1985 til 1996 eitt av dei beste norske kvinnefotballaga. Dei spelte seg opp i 1. divisjon, avdeling Vestlandet i 1985. Frå 1987, då det vart eit samla nasjonalt seriesystem for kvinnefotballen, spela Kaupanger i 2. divisjon i mange år.
På same vis som Sogndal Fotball har vorte eit ”fylkeslag” som rekrutterer talent frå heile fylket, så har Kaupanger vore eit attraktivt lag å spele i for fotballjenter.

Margunn Haugenes skåra mot Kina OL 2000. Foto NRK
Den mest kjende er Margun Humlestøl Haugenes (sjå denne under Kjende personar i Flora) frå Eikefjord, som m.a. var med på gullaget som vart OL-meistrar i Sydney i 2000. Både ho og fleire lagveninner har spela på jentelandslaget.

Administrasjonen frå Førde til Sogndal

Sogn og Fjordane Fotballkrets vart den siste krinsen i landet som tilsette eigen forretningsførar. Det skjedde i 1981, då Jarle Eik vart tilsett med kontorstad Førde. I 1999 vart krinsadministrasjonen flytta til Sognahallen i Sogndal.


MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no