skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
EU 3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > EU Sist oppdatert 12:28
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Litauen veldig klar for EU

Vi er veldig klare for EU, seier studentane (f.v.) Danielus Kazlovskis, Meringa Sukyte og Kristijonas Valatka frå Vilnius. (Alle foto: Bent J. Tandstad)
Vi er veldig klare for EU, seier studentane (f.v.) Danielus Kazlovskis, Meringa Sukyte og Kristijonas Valatka frå Vilnius. (Alle foto: Bent J. Tandstad)
- Vi er veldig klar for EU, seier Danielus Kazlovskis, Meringa Sukyte og Kristijonas Valatka, alle tre 22 år gamle og typiske eksempel på den Europa-forventninga som pregar den litauiske hovudstaden Vilnius i desse dagar.

Publisert 29.04.2004 06:29.
SE OGSÅ:
ALT OM:
Av Bent J. Tandstad, Vilnius, Litauen

For 14 år sidan var Litauen ein del av Sovjetunionen, ein del av det enorme riket som strekte seg over halve jordkloden, og som vart styrt frå Moskva.

I dag er landet medlem i NATO, og frå laurdag 1. mai er dei også medlemer i EU. Og denne utviklinga er det få i Litauen som har noko særleg i mot.

Forventning

Vi har lodda stemninga i den litauiske hovudstaden nokre dagar før landet får fullt medlemskap i den europeiske unionen.

Det er ikkje å overdrive å seie at det er forventning som pregar Vilnius i desse dagar. Og menneska vi snakkar med er forbausande samstemde.

Danielus Kazlovskis, Meringa Sukyte og Kristijonas Valatka er ikkje ulike norske 22-åringar. Dei tre ville ikkje skilt seg ut i gatebiletet i Oslo eller andre norske byar. Dei høyrer på same popmusikken, snittet på kleda er det same og dei knottar på mobiltelefonen akkurat like mykje som norske ungdomar.

Blant norske studentar ville det ikkje vore noko problem å få i gang ein EU-debatt. Det vil alltid vere både motstandarar og tilhengjarar i dei fleste kull. Slik er det ikkje i Vilnius.

I Noreg har studentane vore blant dei viktigaste nei-gruppene, men i Litauen skal du leite godt og lenge for å finne ein student som seier nei til EU.

I så måte er Danielus, Meringa og Kristijonas typiske. Dei tre jus-studentane har aldri vore i tvil om at Litauen treng eit EU-medlemskap for å kunne utvikle seg vidare.

Håpet er at levestandarden i landet kan hevast, at arbeidsløysa går ned og at landet kan utvikle seg i takt med resten av Europa.

Fattigdom

Det er ein god del fattigdom i Litauen. Vi ser ikkje så mykje til det i den vakre gamlebyen i Vilnius, men utover i landet er det verre, ikkje minst på landsbygda.

I gamlebyen bur dei med høg utdanning, med gode jobbar og pengar som kjem inn på kontoen kvar månad. Sjølv om lønningane framleis er langt frå norsk nivå.

Dei tre studentane snakkar godt engelsk, og dei vedgår gjerne at dei kan tenkje seg å utdanne seg vidare i andre europeiske land. Å jobbe i utlandet freistar også, men ikkje for resten av livet.

- Vi vil gjerne reise ut for å lære, men vi vil gjerne heim for å arbeide. Eigentleg kunne eg ikkje tenkje meg å bu nokon annan stad permanent enn i Litauen, seier Meringa Sukyte.

22-åringen uttrykkjer på denne måten mykje av det som er typisk for litauisk ungdom. Dei er sterke nasjonalistar, stolte av og glade i fedrelandet, men likevel har dei ei sterk dragning mot Europa.

I Oslo

Kristijonas Valatka har alt vore i utlandet. The Vilnius Law School har 6000 studentar, og har eit omfattande samarbeid med andre universitet i Europa, blant anna Universitetet i Oslo.

Så Kristijonas har fem månader bak seg ved det juridiske fakultet i Oslo og på Kringsjå studentby. Han vart begeistra for landet og folket, seier han, men ikkje for prisane. Han lærde seg litt norsk, men som han seier, ikkje nok til å føre ein intelligent samtale.

Mange fryktar at eit medlemskap i EU skal føre til hjerneflukt frå Litauen. At dei med god utdanning reiser frå landet for å skaffe seg godt betalte jobbar i andre EU-land.

Dei tre studentane reknar med at ein del vil reise ut utan å vende tilbake. Men dei fleste vil reise tilbake til heimlandet.

Dei trur høgt utdanna menneske frå Litauen kjem til å bli ettertrakta i EU. Dei snakkar godt engelsk, og dei fleste snakkar flytande russisk. Det gjer at dei kan spele ei rolle i EU sitt samarbeid med naboen i aust.

Men ingen av dei tre studentane trur at livet i EU blir berre ein dans på roser. EU vil føre med seg både negative og positive ting. Nokre varer blir dyrare, men andre igjen blir billegare. I dag blir det kjøpt mange varer frå Russland. Desse vil bli dyrare, medan varer frå EU-landa naturleg nok vil bli billegare.

Prisauke

Uansett reknar Kristijonas det som sikkert at prisnivået vil auke etter 1.mai. Kanskje ikkje så mykje i starten, men ei prisstigning er ikkje til å unngå, meiner han.

Kristijonas trur det blir eit press på litauisk kultur og språk i EU, og at litauarane vil bli meir like folk i andre EU-land. Både språket og kulturen er særprega, og det har vore ei blomstringstid for litauisk kultur etter at Sovjetunionen braut saman. Danielus og Meringa kjenner seg trygge på at den særprega kulturen og språket vil overleve også innanfor EU.

For desse ungdomane er det ikkje nokon motsetnad å vere svært sjølvbevisste på eigen kultur og bakgrunn, og det å ville tilhøyre eit stort fellesskap.

– Vi må bli med i EU for å utvikle oss vidare økonomisk. Så enkelt er det, seier Danielus.

Meringa trur årsaka til at Noreg sa nei til EU i to folkerøystingar var at Noreg var eit rikt land på grunn av oljen.

– Denne rikdomen gjorde at Noreg hadde eit val. Vi har ikkje råd til å stå utanfor, seier ho.

(NRK)

Siste saker:

SISTE SAKER OM EU
 

Østerrike i EUs førersete

Foto: Thierry Roge/Reuters/Scanpix Økonomisk vekst, ny utvidelsesrunde og ny debatt om EUs framtid er blant Østerrikes prioriteringer som EU-formann.

Leder EU-kommisjonen

Portugiseren José Manuel Durão Barroso og hans mannskap har inntatt EU-kommisjonens kontorer i Brussel. Les mer om EU-kommisjonen her.

EUs grunnlovstraktat

EUs nye grunnlovstraktat ligger død etter det franske og nederlandske "nei". Her ser du hva de sa nei til.

Lenker videre

Her finner du de beste lenkene til EUs institusjoner, ja- og nei-siden, massemedier etc.

25 land i samme sal

Belgiske Frederique Ries er en av de 732 som ble valgt inn i EU-parlamentet i juni i fjor. Les om EU-parlamentets makt og sammensetning her.
10 SISTE NYHETER
10 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no