skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
EU 3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > EU Sist oppdatert 12:28
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

- EU blir bra for oss

- EU blir bra for oss. Litauen blir eit betre land å leve i når vi kjem inn i EU, seier 13 år gamle Simonas Racinas, og klassekameratane hans applauderer.

Publisert 30.04.2004 09:06.
SE OGSÅ:
Av Bent J. Tandstad, Vilnius, Litauen

Dei sju klassekameratane Simonas, Danielus, Jonas, Andrus, Dovydas, Andrius og Darus er 13 og 14 år gamle og enstusiastiske EU-tilhengjarar. Dei er elevar ved Vilniaus Salomejos Neries Gimnazija, ein skule med elevar frå 12 til 18 år. Det er altså ein kombinert ungdomsskule og vidaregåande skule.

Bak frå venstre Danielus Kormilcevas, Jonas Eykas, Simonas Racinas. I midten Andrius Vutanras Serapinas, og framme Andrius Michejevas og Darius Vilkevicius. (Foto: Bent Tandstad/NRK)
Dei unge skuleelevane er ikkje i tvil om at EU vil bety mykje for Litauen. Dei kan fortelje at dei har laga prosjekt om EU på skulen, og at både elevar og lærarar er prega av at landet no skal inn i den europeiske unionen.

- Også negative sider

Simonas Racinas fortel at dei også har studert negative sider med EU, og at dei er fullt klar over at dei finnest. Som at det kan følgje eit enormt byråkrati med, at avgjerder som tidlegare vart tekne lokalt no kan bli tekne andre stader. Men summen er positiv, seier han, og får full støtte frå klassekameratane.

Desse seks klassekameratane frå Vilnius er typiske eksempel på den nye generasjonen litauarar, dei som vart fødde etter at landet igjen vart sjølvstendig. Dei kjenner ikkje kommunismen frå anna enn det dei har lært på skulen og det foreldre og eldre syskjen kanskje har fortalt.

Høg disiplin

Skuleverket i Litauen blir rekna for å halde eit svært høgt nivå. Det var også tilfelle i Sovjet-tida. Elevane må arbeide hardt, og det korte møtet vi hadde med elevane viste også at disiplinen nok er betre enn ved norske skular. Når læraren gir ordre om oppstilling til bilete, så er dei på plass i løpet av kort tid.

Dei ler godt når læraren fortel at journalisten er frå Noreg, og at nordmennene ikkje vil vere med i EU, same kor gjerne EU vil ha dei med. Etterpå kjem fleire av dei bort til meg og spør på sin stotrande engelsk om dette er sant. Det må eg vedgå, men forsikrar dei om at vi har det bra likevel.


SISTE SAKER OM EU
 

Østerrike i EUs førersete

Foto: Thierry Roge/Reuters/Scanpix Økonomisk vekst, ny utvidelsesrunde og ny debatt om EUs framtid er blant Østerrikes prioriteringer som EU-formann.

Leder EU-kommisjonen

Portugiseren José Manuel Durão Barroso og hans mannskap har inntatt EU-kommisjonens kontorer i Brussel. Les mer om EU-kommisjonen her.

EUs grunnlovstraktat

EUs nye grunnlovstraktat ligger død etter det franske og nederlandske "nei". Her ser du hva de sa nei til.

Lenker videre

Her finner du de beste lenkene til EUs institusjoner, ja- og nei-siden, massemedier etc.

25 land i samme sal

Belgiske Frederique Ries er en av de 732 som ble valgt inn i EU-parlamentet i juni i fjor. Les om EU-parlamentets makt og sammensetning her.
10 SISTE NYHETER
10 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no