|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næringsliv i Aurland kommune: Slakteri og spekepølser i AurlandSpekepølser frå Aurland og Undredal var i mange år eit viktig salsprodukt ved sida av Aurlandsskoen. Publisert 03.07.2001 09:12. Oppdatert 11.12.2003 14:10.Fleire mindre slakteri var engasjerte i pølseproduksjon.
Ei tid var det i alt fire slakteri i Aurland, eitt i Flåm og eitt i Underdal. I Aurland starta Brødrene Wangen slakteri og pølseproduksjon i 1912, og seinare kom Jørgen Loven, Martines Terum og Martin Lie i gang med sitt eige slakteri. Også Ola Wangen og Andreas Ohnstad dreiv kvar sine slakteri.
I Flåm var det Nils Widme som dreiv som slaktar og pølsemakar, og 1926 starta Endre Ø. Underdal i Underdal.
Råstoff frå geiteneEin stor del av råstoffet fekk dei lokale slaktarane frå geiter, for Aurland kommune var på denne tida den største geitekommunen i Sogn og Fjordane, med opptil 15.000 geiter.
Likevel vart det knapt om lokalt råstoff, og slaktarane i Aurland kjøpte difor slakterdyr både i Jostedalen, Veitastrond og Lærdal. Utanfor slakteria kunne det i sesongen stå fleire hundre geiter i inngjerda kvéer og vente "på tur".
Mange sysselsetteI sesongen var det vanleg at 12-14 personar arbeidde på kvart av slakteria. Fram til ein kring 1920 fekk oljedrivne motorar som dreiv kjøtkverner og andre maskiner, måtte alt arbeidet gjerast for hand. Eit tungt slit.
Spesiell smakKvar pølsemakar hadde si hemmelege oppskrift, men den spesielle "Aurlands-smaken" fekk ein fram ved å lagre den ferdig salta og krydra kjøtdeigen i vel tre veker før den vart stappa i pølsene, og pølsene røykte. Aurlands-pølsene vart selde som julemat.
LENKER
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|