Aurland kommune er ein av dei største kraftkommunane på Vestlandet, men det meste av krafta er eigd av energiverk utanfor fylket.
I Aurlandsvassdraga vart det første fossekjøpet gjort i 1908 då fossespekulanten ingeniør H.E. Mohn frå Oslo fekk handgjeve Lovisfossen ovanfor Vassbygdi i to år. Seinare gjekk fallretten over til overrettssakførar
Einar Langberg, som dreiv privatpraksis på Leikanger og såleis var lokalkjend i Sogn.
Bakmann
Men bak Langberg sat ein av dei største fossespekulantane i Noreg på den tida, Oslo-mannen Fredrik Hiorth. Han hadde alt kjøpt Matrefalla i Hordaland i 1906-1908 for 270.000 kroner, og selde dei straks vidare til den tyske industrigiganten BASF (sjå også "
Dei store fossekjøpa i Årdal") for 600.000 kroner. No sette han ein del av den svimlande fortenesta på 330.000 kroner inn i Aurland, og kjøpte seg gradvis fleire fallrettar. Kring 1916 hadde han sikra seg kontrollen over det meste av dei store vassfalla kring Aurland. Til saman rekna han med å få ut 200.000 turbinhestekrefter - d.v.s. eit av dei største kraftverka i Noreg på den tid.
I kontraktane var grunneigarane lova svimlande 450.000 kroner i betaling, men dei skulle berre få utbetalt 30-40 kroner kvar årleg.
Nede i bygda kjøpte Hiorth gardane på Ohnstad til industrigrunn og betalte til saman 450.000 kroner. Planen var å byggje ein karbidfabrikk, og bøndene fekk kontant betaling.