SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Vågsøy:

Handelsstaden Vågsberget

(Foto: Arild Nybø © 2003)
(Foto: Arild Nybø © 2003)
Handelsstaden Vågsberget er den eldste handelsstaden i Ytre Nordfjord, og var til slutten av 1800-talet den viktigaste, fordi den låg svært lagleg til ved dei rike fiskefelta kring Vågsvåg og Torskangerpollen. Handelsstaden har eksistert frå 1600-talet.

Publisert 04.01.2002 13:16. Oppdatert 30.01.2006 14:42.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Barn og vaksne på inngangen til Vågsberget 17. mai 1937. (Foto © Fylkesarkivet)
Aleksander Didrikson Fester fekk kongebrev på handel 1692, og med rett til å drive gjesteheim på Moldøen. På 1700-talet slo eigarane av Vågsberget under seg store jordeigedomar i Ytre Nordfjord og Bremanger. I 1744 vart Moldøen med handel og privilegia der selde og skilde frå drifta på Vågsberget.

Tonning bygde

I 1777 overtok handelsmannen Peder Tonning, son til Peder Pederson Tonning, Vågsberget. I hans driftstid vart m.a. hovudhuset og mange av sjøbuene i det no verna handelssetet på Vågsberget bygde. Det er same Tonning-ætta som bygde opp og eigde handelsstaden ved munningen av Stryneelva. Herskapshuset frå den tida er kjend som Valhalla gjestgiveri.

Lem overtok

Lem-familien kom inn som eigarar på Vågsberget i 1889 då lensmann Arnoldus Lem kjøpte Vågsberget saman med telegrafstyrar P.A. Strømsøe. Seinare gjekk drifta over til Einar Lem og Rolf Lem. I 1920 selde Lem-folket Vågsberget til skipsreiar Jacob Kjøde, som saman med svigerson, skipsreiar Johan Horn bygde ut store fabrikkanlegg og silde-
mottak på eigedomen.

Kommunen forvaltar

På 1970-talet tok Vågsøy kommune over forvaltninga av eigedomane med tanke på vern av dei gamle bygningane. I den verste ”oljefeberen” midt på 1970-talet, då ”alle” kappast om å få oljebasar langs kysten, baud Vågsøy kommune ut Vågsberget som base-tomt – utan å få napp. På 1980-talet gjekk forvaltningsansvaret for Vågsberget over til Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Vågsberget. (Foto: NRK)
Vågsberget vart på 1980-talet nytta i innspelinga av filmen "Landstrykere" (sjå video frå 1995.)

Handel i Vågsvåg

I Vågsvåg dreiv også Rasmus D. Halvorsen frå Stårheim frå 1869 stor handelsverksemd med dampskipskai, sjøbuder og losjihus. Han var postopnar og telegrafstyrar, og dreiv tilsvarande verksemd også på Stårheim.

Elles bygde fiskeoppkjøpar Godø frå Ålesund sjøbuer både i Vågsvåg og Torskangerpollen. Då Godø slutta, kjøpte Halvorsen denne sjøbuda, og hadde også sjøbu for mottak og salting av fisk i sesongen. Halvorsen nytta berga på Gullholmen og Ramneholmen i Vågsvåg til klippfisktørking. Halvorsen dreiv til 1918, då svigersonen Sivert Inselseth tok over. Handelshusa på Ramneholmen vart øydelagde av brann på 1920-talet. Sivert Inselseth vart drepen i ei ulukke på ei seglskute i 1934, og nokre år seinare vart anlegga etter Halvorsen selde på tvangsauksjon.
I fiskesesongen dreiv også handelsmann Petter Christian Wiese landhandelfilial i Vågsvåg. Elles er det registert at Peder Reksnes, Hans P. Reksnes og Ole Solheim dreiv handel i Vågsvåg på 1890-talet.

I Torskangerpollen og på Kvalheimsvika gjekk det frå 1890 og fram til ca. 1920 føre seg eit eventyrleg torskefiskeri. Første sjøbuda vart reist i 1863, og i 1920 stod det ialt 42 sjøbuder, åtte båtnaust og 20 bustadhus kring pollen. Ei stor samling av dei gamle sjøhusa er tekne vare på. Nokre av dei vert leigde ut til turistar på rorbuferie.

I 2006 vart handelsstaden på Vågsberget freda av Riksantikvaren.

MEIR OM VÅGSØY 
Vågsøy kommune

 
Aviser og media i Vågsøy
Historia i Vågsøy
Industri og næring i Vågsøy
Kjende personar i Vågsøy
Kommunehistoria i Vågsøy
Krigshistoria i Vågsøy
Kyrkjer i Vågsøy
Samferdsle i Vågsøy
Skular i Vågsøy
Verd å sjå i Vågsøy

 
Lyd frå Vågsøy
Video frå Vågsøy
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no