SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Vågsøy:

Kraftforsyninga i Vågsøy

Måløy fekk elektrisk lys i 1991. (Foto: Arild Nybø © 2003)
Måløy fekk elektrisk lys i 1991. (Foto: Arild Nybø © 2003)
Måløy fekk elektrisk lys 1911 frå eit motordrive kraftverk som ingeniør Per Drage bygde. Kraftverket produserte 143 Kw.

Publisert 07.01.2002 09:23. Oppdatert 27.12.2006 13:03.
I 1914 tok kommunen over og bygde kraftverket ut som vasskraftverk med Skramsvatnet som magasin. Måløy var på denne tida inne i ein sterk vekst, og m.a. var det planar om å nytte den nye energikjelda til drift av elektrisk trikk frå Sæternes til Gotteberg! Ein drøymde også om at fiskeflåten kunne drivast med elektriske batteri som kunne ladast frå kraftstasjonar på land. Det kommunale kraftverket i Måløy vart kombinert med vassverk. Skramsvatnet var hovudvasskjelda, men for å sikre nok vatn i tørkesomrar, vart det graven ein kanal som førte vatn frå Vetevatnet mellom Veten og Brurahornet.

Elektrofagskule i Måløy

Ingeniør Per Drage dreiv også ein privat skule i elektrofag for installatørar i Måløy sentrum. Seinare bygde han nytt kraftverk i Ulvefaldene i stranda sør for Raudeberg. Prosjektet vart eit økonomisk vonbrot for Drage, fordi mange av dei potensielle abonnentane hans fekk kraftforsyning frå Ålfotselskapet (sjå Ålfotsaka). I bygningane i Ulvefaldene dreiv Drage også produksjon av varmeovnar og andre elektriske artiklar, samt ein verkstad for mindre trevarer. Drages kraftstasjon er framleis intakt og vert teken vare på som kulturminne.
Demonstrasjon av elektriske apparat frå Ulvesund elektriske fabrikk. Foto: YFK

Verda lengste kraftspenn

Forretningsdrivande i Måløy, med Lars P. Lefdal i spissen, var fremste pådrivarane for å få bygd ut vassfalla i Ålfoten til ålmenn kraftforsyning, m.a. til Måløy. Verdas til då lengste kraftlinespenn vart bygd over Nordfjorden ved Maurstad for å kunne forsyne Måløy med Ålfot-straum.
I Ulvesundet gjekk kraftleidninga til Måløy i sjøkabel, lagt 1921. Lars P. Lefdal var leiar i direksjonen i Ålfotselskapet, som førde heile fylket opp i ei botnlaus gjeldskrise på 1930-talet (les og høyr om Ålfotsaka).
Legging av kabel i Ulvesundet i 1921. Foto: YFK

Kjøpte fallrettar

I 1917 kjøpte skipsreiar Jacob Kjøde fallrettane i den vesle elva i Raudegga aust for Almenning, men vassdraget var aldri bygt ut for kraftproduksjon.
Elektrisitetskomiteen i Davik kommune sikra seg fallrettane i Maurstadelva ved Bryggja i 1920, men heller ikkje dette vassdraget vart regulert før grunneigarar bygde ut eit elvekraftverk i 2006. Like ved bygde Knut Nore eit mindre kraftverk i Noreelva.
Den første store kraftstasjonen i ytre Nordfjord vart bygd i Skorgevassdraget i Kjødepollen i Selje kommune i 1938 (sjå Selje kommune).

Første vindmølleparken i fylket

Kvalheim Kraft AS heiter selskapet som i 2002 bygde den første vindmølleparken i Sogn og Fjordane på Mehuken på Kvalheimsfjellet. Kraftanlegget kosta 30 millionar kroner, og er eigd av Buskerud Kraftproduksjon og Østfold Kraftproduksjon. Vindmøllene ruvar 75 meter over bakken.

MEIR OM VÅGSØY 
Vågsøy kommune

 
Aviser og media i Vågsøy
Historia i Vågsøy
Industri og næring i Vågsøy
Kjende personar i Vågsøy
Kommunehistoria i Vågsøy
Krigshistoria i Vågsøy
Kyrkjer i Vågsøy
Samferdsle i Vågsøy
Skular i Vågsøy
Verd å sjå i Vågsøy

 
Lyd frå Vågsøy
Video frå Vågsøy
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no