Veg Florø-Førde
Kravet om vegsamband Florø-Førde vart første gong reist i 1891. Vegen vart bygd i fleire etappar, men samanhengande veg Florø-Førde over Ramsdalsheia vart opna først i 1945. Under andre verdskrig pressa tyskarane på for å få bygd den strategisk viktige vegen.
|
Semitrailer frå Firda Billag på veg til Florø med sikdekassar. Sjåførane er Magnus Ålhus og Arnljot Sørebø. Foto: Reiakvam |
Naustdalstunnelen (5920 meter) vart opna i 1995, og avløyste den dårlege vegen over Ramsdalsheia mellom Svarthumle og Naustedalen.
|
Riksveg 5 ved Eikefjorden. |
Utbetring av riksveg 5 frå Florø
til Naustdalstunnelen har vore eit av dei store vegprosjekta i Sogn og Fjordane frå 1998. Men alt i 1985 vart ei rasfårleg strekning sikra med tunnel gjennom Sundefjellet (1883 meter). Heile vegsambandet Florø- Førde med gul midtstripe var fullført og opna av samferdsleminister Torill Skogsholm (V) i juli 2005.
Vegen Stavang-Vevring
var ferdig 1968, og samanhengande veg Stavang-Vevring-Naustdal var ferdig 1970. Rundkøyringa Naustdal-Vevring-Stavang-Høydalen-Eikefjord kom ved opninga av Osstrupen bru (258 meter) i Høydalsfjorden i 1977.
Stavøya landfast
Brua over Stongasundet (173 meter) opna i 1990 og knytte Stavøya til fastlandet og Stavang.
Hyeveg i 1962
Vegen frå Storebru i Eikefjord til Hyen i Nordfjord vart opna i 1962. Samanhengande veg frå Florø til Gloppen kom i 1989 med opninga av vegen langs Hyefjorden mellom
Hyen og Hestenesøyra.
Vegsambandet Florø-Svelgen
vart opna 1966 med tunnelen gjennom Magnhildskaret (2846 meter). Samanhengande vegsamband Florø-Svelgen-Ålfoten-Nordfjordeid kom med opning av ferjestrekninga Stårheim-Isane i 1972.
Vegsambandet Florø-Svelgen-Nordfjord var heilt fram til 1987 avhengig av ferjer på strekningane Haukå-Bjørnset i Flora og Isane-Stårheim.
I 1987 vart ferjesambandet Haukå-Bjørnset avløyst av Norddalsfjordbrua (401 meter) - høyr radioreportasje ovanfor.