Rognaldsvåg Aerradio
- sjå
Florø Radio.
Den første regulære rutefarten langs kysten starta då Staten sette opp ei postførande dampskipsrute mellom Bergen og Trondheim i 1843. Ruta vart trafikkert av hjuldampskipet ”Nordcap”.
Skipet ankra opp i Furesundet.
I storfelte utbyggingplanar for jernbane i Sogn og Fjordane kring 1920, vart det planlagt sidespor frå stambanen Vadheim-Sandane til Høyanger, Florø og Måløy. I Florø vart ein stor del av Hesteneset (der skipverftet ligg idag) regulert til jernbanestasjon. Det kom ingen stambane – og heller ingen jernbanestasjon i Florø....
Rutebilstasjon
Firda Billag bygde i 1977 eigen rutebilstasjon i Florø ved Fugleskjærskaia, der den tidlegare Høgskuleheimen (sjå
Fiskarfagskulen i Florø) og lensmannsgarden Lindheim låg. (I dette huset døydde den kjende lepra-forskaren Armauer Hansen frå Bergen i 1912). Bygget husar også tollvesen og arbeidskontor. I 1971 starta billaget eigen ringbuss/bybyss i Florø, og i 1998 starta "Sunnfjord-bussen", som trafikkerer kvar time mellom Florø og Førde. Firda Billag utfører elles alle bussruter i Flora.
Samferdslekonsulent
I 1946 vart stillinga som samferdslekonsulent i Sogn og Fjordane skipa, og kontoret lagt til Florø. Arne Sunde jr. var første konsulent. Samferdslekontoret vart i 1956 flytta til Førde, og flytta vidare til Leikanger i 1976.
|
Den første bilen i Flora. (Foto © Fylkesarkivet) |