I dag er oppdrett og setjefisk den største verdiskaparen i fylket, med ei årleg omsetning på mange milliardar kroner, og Florø er "laksehovudstaden".
I tillegg til at
Skaarfish og
Domstein-konsernet frå Måløy bygde ut svære anlegg for mottak og foredling av laks i Florø på 1980-talet, skjedde det også andre ting som gjorde at Florø har bygd seg opp som det viktigaste senteret for den nye kystnæringa:
På Svanøy kom
Svanøy Stiftelse tidleg i gang med forsking på oppdrettsfisk, og dyktige gründerar bygde store anlegg for settefisk og oppdrett m.a. i Norddalsfjorden, i Eikefjorden og ute i øyane.
Fiskefôrfabrikken EWOS vart verdas største i sitt slag, og heldt til i den nedlagde sildoljefabrikken i Gunhildvågen, og frå 1999 har også eit anna verdsomspennande oppdrettskonsern for laks,
Pan Fish, lagt hovudkontoret for oppdrettsdivisjonen i Norge til Florø. Leiar for denne er ein av dei sentrale gründerane i oppdrettsnæringa,
Gudmun Strømsnes. Saman med
Ola Braanaas har Strømsnes bygd eller kjøpt opp nokre av dei største anlegga for settefisk, oppdrett og lakseslakting i Sogn og Fjordane (sjå nedanfor).
. Haukå Settefisk
Sjå
Gudmun Strømsnes
Havlandet Marin Yngel AS
vart skipa i 2001 og driv yngeloppdrett på eit anlegg ved Fjord Base, og har i 2005 konsesjon på fem millionar setjefisk.
Havlandet Marinfisk AS
vart skipa i 2003 og driv oppdrett i Fanevik i Norddalsfjorden. I 2004 oppretta Havlandet eit anlegg for torskeoppdrett på Russenes i Førdefjorden.
fiskeeksportfirma vart skipa i Florø i 1996 av Kjartan Strand.
HFL Havlandet Forskingslaboratorium
i Gunnhildvågen vart starta i 2005 og driv m.a. med fóranalysar for oppdrettsnæringa.