SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Balestrand:

Vetlefjorden som opplagsplass

Bergesen-tankarane Berge Emperor og Berge Empress i Vetlefjorden. (Foto: NRK)
Bergesen-tankarane Berge Emperor og Berge Empress i Vetlefjorden. (Foto: NRK)
Vetlefjorden vart i ti år nytta som opplagsplass for nokre av dei største supertankarane i verda.

Publisert 11.06.2002 15:29. Oppdatert 17.07.2002 13:21.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Uro og krigar i Midt-Austen på 1960- og 1970-talet førde til at Suezkanalen vart stengd, og oljeprisar og forsyningsboikott vart brukte som politiske våpen av arabiske land. Dette førde m.a. til ein sterk vekst i supertankflåten som kunne frakte olje rundt Afrika til Vesten.
Krisa i verdsøkonomien i siste halvdel av 1970-talet førde til stor overkapasitet i tankmarknaden. Mange store skipsreiarlag, mellom desse Hilmar Rekstens Rederi, gjekk konkurs.

Gigantar på fjorden

Ein av stadane som vart nytta som opplagsplass for supertankarar, var Vetlefjorden. Her vart nokre av dei største tankskipa i verda lagde i opplag frå 1975 til 1985.
Dei første to var svenske "Hemland" og "Svealand", som låg eit par års tid. Eit av skipa var kring 420.000 tonn. Etter eit opphald kom reiarlaget Sig. Bergesen d.y. i 1978 med supertankarane "Berge Empress" og "Berge Emperor".
Skipa var forankra i kraftige pollertar på austsida av fjorden og festa med anker med stamnen vestover. I opplagstida var skipa ei god inntektskjelde for Vetlefjorden - ikkje minst for det lokale Vetlefjord og Sværefjord Kraftlag (sjå "Kraftutbygging i Balestrand"), som forsynte dei enorme tankskipa med elektrisk straum.

Til opphogging

Dei to norske supertankarane vart i 1985 taua frå Vetlefjorden til Taiwan, der ”Berge Emperor” vart hoggen opp, medan ”Berge Empress” vart selt av skraphandlarane til eit norsk komandittselskap og fekk namnet ”Happy Empress”. Under ulike eigarar var skipet i drift til det vart hogge opp i 2004.

Sist på 1990-talet låg ei russisk flytedokk som måtte søkje naudhamn, omlag ein månad i Vetlefjorden.
Elles låg det svenske turistskipet "Gripsholm" ein kort periode i opplag i Esefjorden.

MEIR OM BALESTRAND 
Balestrand kommune

 
Aviser og media i Balestrand
Historia i Balestrand
Industri og næring i Balestrand
Kjende personar i Balestrand
Kommunehistoria i Balestrand
Krigshistoria i Balestrand
Kyrkjer i Balestrand
Samferdsle i Balestrand
Skular i Balestrand
Verd å sjå i Balestrand

 
Lyd frå Balestrand
Video frå Balestrand
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no