Dei første dampskipsrutene
Handelsstaden Sauesund - den gamle skysstasjonen på austsida av Atløy, vart stoppestad
då Fylkesbaatane starta sine ruter i 1958. I 1860 vart dampskipsstoppet flytta til Presteøya sør for Askvoll.
STOPPESTADER:
Askvoll sentrum
vart stoppestad i 1880. I 1886 er kaia i Askvoll komen på plass. Kjøpmann Tallak H. Stang (sjå:
Handel, hermetikk og brann på "Gamlekaia") var ekspeditør. Askvoll vart ein av dei viktigaste stadane for Fylkesbaatane i Sunnfjord, med opptil
16 rutestopp i veka kring 1920. På 1950-talet hadde bygda 26 båtstopp i veka.
I 1956 vart det bygt ny kai på Kråkholmen.
Flokenes
fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1887. Første tida vart dampbåten borda ved Merkesvik, men i 1911 vart det bygt kai på Flokenes.
|
Kaia på Yndestad. |
Yndestad
fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1887, og hadde ruter fram til 1953, då vegen til Stongfjorden kom.
Bulandet
fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1880-åra.
Kvammen
fekk rutestopp av Fylkesbatane i 1890.
Holmedal
fekk rutestopp av Fylkesbaatane ca. 1894, då industrimannen
Industrigründeren Johan Jensen bygde kai og vart ekspeditør.
Stavenes
fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1895.
Værlandet
fekk rutestopp av Fylkesbatane frå 1895.
Kumle
fekk rutestopp av Fylkesbaatane like før 1900.
Herland
fekk rutestopp av Fylkesbaatane like etter 1900.
Hindøy
- ei lita øy nordvest for Atløy - fekk rutestopp av Fylkesbaatane på 1880-talet, men denne vart lagt ned etter kort tid.
Stongfjorden
fekk fast rutestopp av Fylkesbatane kring 1907 då aluminiumsfabriken vart bygt, men hadde hatt nokre sporadiske stopp tidlegare.
|
MB Stangfjord var m.a. brukt til sjuketransport frå Stongfjorden. I 1985 vart båten kjøpt tilbake til bygda. Her ved Jensbua i Fjaler. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune |
Høyvik
fekk rutestopp av Fylkesbaatane på 1920-talet, men miste rutene i 1977, etter at det var kome vegsamband til Gjervik og fergekaia der i 1975.
Vårdal
fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1935.
FERJESAMBAND:
Ferjesambandet Askvoll-Gjersvik
på Atløy vart opna i 1971.
Ruta gjekk som heilårsrute fram til vegen Osen-Dale vart opna i 1958.
Ekspressbåt
Askvoll er i dag stoppestad for ekspressbåten Bergen-Måløy.
Atløy-kortet
var ei prøveordning med spesial-rabatt på fastlandsferga for øybuarane – eit tiltak for å stimulere vekst og busetjing på Atløy. Kortet vart teke i bruk på slutten av 1990-talet, men ordninga vart avvikla etter nokre år.