Aurland Ungdomslag vart skipa midt på 1880-talet, truleg i 1886 med lærar Lasse Bjordal som første formann, og med sokneprest
Eilert Patric Juul som ei bærande kraft gjennom dei første 30 åra.
Laget arrangerte dei første åra diskusjonskveldar, foredrag og hadde eige, handskrive lagsblad. I 1890 vart det skipa ei ynglingeavdeling (barnelag), og 1892 eit nytt lag som vart kalla Vangens Samtalelag. Utover 1890-talet står m.a. både brennevinsmonopol, den rikspolitiske situasjon, "Kvindesagen", natteløberi og røysterett, målsak og forsvarssak på programmet.
Ungdomshus og badstove
Ungdomshuset "Trudvang" vart bygd i 1914.
|
Trudvang i 1914 |
Etter opptak frå distriktslege Einar Møinicken bygde ungdomslaget i 1900 også ei badstove til ålment bruk. Den låg ved elva like ved der "Trudvang " seinare vart bygt, og eit bad kosta 10 øre.
Skogplanting
I mellomkrigstida dreiv ungdomslaget organisert skogplanting, og frå 1926 til 1929 organiserte det felles plantelag med Vassbygdi ungdomslag på Midje.
Musikklag og kino
I 1928 stilte ungdomslaget seg i spissen for skiping av eit musikklag i bygda og kjøpte inn dei ti første instrumenta.
På 1950-talet vart ungdomshuset "Trudvang" mykje ombygd slik at det kunne nyttast m.a. som lokal kino.