Post- og passasjerfrakt
Karl Lofnes dreiv post- og passasjerrute frå Måløy og innover Nordfjord i mellomkrigstida. Seinare kom også Skipenes & Søn i Måløy inn i denne rutetenesta.
|
Båten som vart brukt i ruta frå Måløy til Nordfjordeid, "Konstant", på folkemunne "Langemarja". |
Samuel Sørland
frå Naustdal i Eid starta på 1920-talet dei første rutebilane på Vågsøy. Han bygde også kafèen «Tungalda» ved Refviksanden.
|
Rutebilane til Samuel Sørland |
Reinh. Solstad Rutebiltrafikk
skipa 1932 av R.S. Dreiv rutebiltrafikk mellom Måløy og bygdene i Nord-Vågsøy.
Henrik Myhre
dreiv eige ruteselskap med bussar og lastebilar i trafikk i Nord-Vågsøy frå krigen og fram til 1960-talet, då Nordfjord og Sunnmøre Billag tok over.
Olaf Lillebø
frå Måløy starta på 1930-talet ruteselskap med bussrute mellom Oppedal, Torskangerpoll og Måløy i Sør-Vågsøy.
Ferja Måløy-Deknepoll
kom i drift 1948. Dette førde til stor bustadbygging på fastlandssida av Måløy. Ferja vart driven av Fylkesbaatane til 1953, då A/S Måløyferja overtok fram til brua vart opna 1973.
Ekspressruter
Idag er Måløy m.a. utgangspunkt for Ekspressbussen Nordfjord-Oslo, har daglege snøggbåtsamband til Bergen og fly-båt Måløy-Florø.
Måløy fekk sitt første hamnestyre i 1904, då Selje kommunestyre valde det første styret for «Sæternes og Skramsviken».