Berre ulukker med fleire omkomne eller ulukker under særskilde omstende er tekne med i dette oversynet. M.a. er det ingen enkeltomtalar av alle ulukker der personar fall utfor dei bratte fjellstupa langs fjordane og drap seg under arbeidet med slått og lauving.
1701
I 1701 omkom ein mann frå Undredal i ei vådeskotsulukke.
1780
I 1780 brann tunet på høgdegarden Kappadal ved Aurlandsfjorden ned medan huslyden var til kyrkje. Ei 49 år gamal tenestejente omkom og heile buskapen brann inne. Det ruinerte folket på Kappadal budde lenge i ei ussel steinhytte før dei fekk bygd opp att tunet.
1791
I 1791 drukna to menn då dei fall ut av ein robåt ved Lialandet. Dei to var på heimveg frå kyrkja på Vangen då dei rauk opp i slagsmål slik at båten kvelva. Tre andre i båten vart berga.
1806
I 1806 miste ein mann frå Bakka livet i ei snøskrede.
1807
I 1807 vart ein båt lasta med bord råka av ei steinkrede ved Breisnes, og to mann ombord vart hardt såra. Båten vart knust og dei tre fall i sjøen, men vart berga av ein annan båt som kom til.
I 1807 miste ei 10 år gamal gjetarjente på Gjesme i Flåmdalen livet då ho vart teken av eit steinskred.
Ca. 1825
Ca. 1825 vart ein mann frå Onstad drepen i ei steinskrede.
Ni drukna då skreda velta båten
I 1835 drukna eit fylgje på ni personar frå Nærøydalen og Gudvangen, både kvinner og menn, då ein robåt med eit brurefylgje på veg til kyrkja i Undredal kvelva på fjorden. Ulukka hende då snøskreda Hestnese på Bakka løyste seg nett då robåten kom framom og slo båten rundt. Berre to av dei omkomne vart funne att. Særleg hardt gjekk det ut over garden Hemri i Nærøydalen: Derfrå miste fire menneske livet. Ulukka førde til at garden måtte seljast på auksjon.
1837
I 1837 kom ein tre år gamal gut frå Undredal bort på veg heim frå ein støl. Tre veker seinare vart han funnen død under ein heller.
1856
I 1856 drukna far og son utanfor fjellet Beitelen mellom Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.
1858
I 1858 vart ein mann frå Vossestrand drepen då han gjekk i eit sjølvskot for bjørn som var sett opp ved garden Ramsøy i Gudvangen.
1859
I 1859 drukna husbonden på ein gard på Bakka i fjorden ved fjellet Beitelen. Same hausten brann husa på garden ned og ei sølvkanne full av sølvpengar strauk med.
1867
I 1867 drukna lensmann Botolf Underdal og sonen då robåten deira kantra i ei stormbyge på veg til Leikanger.
1873
I 1873 vart Synneva Drægeli, ektemaken til sårlegen
Jens Larsen Drægelid, stanga utfor eit stup og døydde. Etter uklukka flytta Jens frå Drægali og ned til Dyrdal.
1883
I 1883 miste ein kvinne i Gudvangen livet i ei steinskrede.
1884
I 1884 miste ein ung gut frå Skjerping i Nærøydalen livet i ei snøskrede.
1884
I 1884 miste ein bror og ei syster frå garden Stigen livet då vinden frå ei skrede frå fjellet Koldao kvelvde robåten deira. Guten skulle ro systera heim frå skulen då ulukka hende.
Skreda frå Kaldao gjorde at folket på Stigen måtte bardunere husa sine og setje i tjukkare vindusglas for at ikkje fonnvinden skulle gjere skade. I 1990 vart naustet til nedre-Stigen lyfta av murane og kasta på fjorden av skreda frå Kaldao.
1891
I 1891 omkom ei kvinne og to barn i eit jordskred på ein seterstøl i Flåm.
1899
I 1899 vart ein mann frå Undredal drepen på ei reise til Bergen.
1909
I 1909 omkom ein mann frå frå garden Tufte ved Bakka då han fekk eit tre over seg under tømmerhogst i Amla.
1913
I 1913 vart ein mann på garden Drægo drepen av eit steinskred.
Ca. 1935
Ca. 1935 fraus ein skysskar frå Vangen i hel ei natt då han utførte eit skyssoppdrag med robåt til Undredal.
1937
I 1937 vart ein 28 år gamal skyssgut frå Sogndal drepen i Nærøydalen då han vart sparka av ein hest. Sparket førde til at han vart kasta i fossen ved Stalheimskleivane, og vart ikkje funnen att før langt ut på sommaren.
1938
I 1938 vart husa på garden Arnehus ved Nærøyfjorden sopa på fjorden av ein flaum. Mange husdyr drukna, men ingen menneske vart skadde.
1943
I 1943 vart ein unggut på Nedberge drepen då han vart teken av eit snøras og kasta utfor eit berg.
1956
I 1956 vart ein buss frå Aurland Billag råka av eit stort steinras på Vassbygdivegen. Ei kvinna vart hardt skadd og fekk eit langt sjukehusopphald etter ulukka. Bussen vart totalt ramponert, og det vart sett på som eit under at ingen andre passasjerar vart skadde.
1957
I 1957 omkom ein 25 år gamal vegarbeidar frå Undredal då dei freista å byggje tunnel frå Undredal til Flåm. Dei skulle til på den første tunnelen då mannen vart råka av ein stein som fall ned. Vegprosjektet langs fjorden vart deretter lagt lagt ned.
2000
I 2000 omkom pensjonert medisinprofessor Olav Tønder då han køyrde utfor med traktor på småbruket sitt på Drægo. Garden hadde han arva i 1986.
2000
I 2000 omkom ein mann i Rausmesdalen då han vart teken av eit snøskred.