Frå 1903 tok han del i forretningslivet i heimbygda Måløy då han vart medeigar i fiskedampskipet ”Kveldulf” saman med
Lars P. Lefdal, Lars Solheim og Karl Strømmen frå Rugsund. I 1914 vende han heim frå USA og arbeidde som engelsk-tolk i Tollvesenet i Måløy under 1. verdskrig.
Etter krigen starta han slakteri og bygde sjøbu. Ved Gate 1 på Midtgård bygde han kombinert slaktarbutikk og privatbustad. Like før 2. verdskrig vart sønene Sivert (f. 1916), Artur (f. 1913) og Leif (f. 1920) tekne inn som kompanjongar i firmaet. Leif tok meisterbrev som pølsemakar og firmaet utvida slakteriet pølsefabrikken.
I dei store sildeåra på 1950-talet satsa Midtgård-firmaet stort på fiskebåtar, og dreiv på det meste fire båtar: ”Midtgård”, Selfisk”, ”Isø” og ”Heimen”. Seinare eigde firmaet fiskebåtane ”Lyn” og ”Granton”.
Leif Midtgård (1920-2006), som var dagleg leiar, flytta til Oslo i 1975, og både butikk og anna verksemd i firmaet vart avvikla i løpet av 1970-talet. Sjøeigedomane på Skram vart på 1997 brukte som ein del av tufta til det nye handelshuset
Måløy Brygge.