I eldre tider vart den kongelege posten ført med eigne rorskarar opg seglskuter langs kysten. Frå 1823 var garden Eide i fjordbotnen i Moldefjorden i Selje det viktigaste knutepunktet for postdistribusjonen i ytre Nordfjord.
Grunnen var at her tok postførarane sekken vidare over Mannseidet til Møre-sida, og på Eide vart det også sett opp ei postrute over Berstadeidet og Rimstadddalen mot Bryggja. Derfrå vart posten rodd innover fjorden til embetsfolk og prestegardar.
Pilegrims- og postvegen Berstad-Bryggja
Frå Berstad og over Berstadeidet og mot Rimstadddalen er det framleis tydelege spor etter den gamle postvegen: Fleire stader finn ein steinheller til å gå på, restar etter bruer, i bratt skråbakke er den greven inn i bakken med den faste breidda som ein offentleg rideveg skulle ha: to alner – d.v.s. 1,26 meter.
Også pilegrimar på veg til klosteret på Selja nytta Berstadeidet som ferdsleveg. På 1920-talet gjekk forfattarinna Sigrid Undset denne vegen saman med historieprofessor Francis Bull på ein tur til Selje kloster.
Posten over Maurstadeidet
Då køyrevegen over Maurstadeidet vart opna i 1866, vart postruta nord-sør lagt etter denne vegen, og kontoret på Eide miste sin status som knutepunkt i postgangen. I staden fekk no postruta som gjekk innover Nordfjord korrespondanse på Einehaugen på Kjødepoll-sida. Posten gjekk så via Åheim og over Maurstadeidet til Bryggja og derifrå med robåt innover Nordfjord heilt til Utvik.
Ein legendarisk postførar på 1800-talet var
Jakob August Pisani, ein mann med italiensk opphav som budde på Bryggja, og som tente som postførar både i Nordfjord og i indre Sogn.
Bryggja
fekk postopneri i 1841 med eigaren av kremmarleiet der,
Erik O. Nord som første styrar. I portotabellen for 1848 er poststempelet endra frå ”Bryggen” til ”Davigen”, og i 1858 tilbake til ”Bryggen”. I 1858 fekk nemleg Davik på sørsida eige postopneri. Under vårsildfisket i siste halvdel av 1800-talet var det sett opp ei postførande dampskipsrute ein gong i veka mellom Mosterhamn i Sunnhordland og Bryggja i Nordfjord. I 1921 vart postadressa endra frå ”Bryggen” til ”Bryggja”. I 1977 fekk det status som postkontor C.
Bryggen
– sjå Bryggja.
Kremmarleiet på Moldøen fekk først status som fast poststad med eige kontor i 1852.
Moldøen
– sjå artikkelen:
Posten avgjorde bynamnet Måløy.
Almenning
fekk postopneri i 1888 med gardbrukar Axel Olsen Almenning som første styrar. I 1890 vart postadressa endra til ”Almenningen”. Kontoret vart lagt ned i 1993.
Raudeberg
fekk postopneri i 1884 med dampskipsekspeditør Iver Jensen Rødberg som første styrar. Fram til 1891 vart postadressa skriven ”Rødberg”. I 1973 fekk det staus som underpostkontor og i 1977 som postkontor C.
Rødberg
– sjå Raudeberg.
Osmundvåg
fekk brevhus i 1892. Fram til 1917 stod det ”Osmundvaag” på poststempelet. Det vart offisielt lagt ned i 1927, men hadde då ikkje vore i verksemd på fleire år.
Vågsvåg
fekk postopneri i 1890 med sakførar H. Friis som første styrar. Året etter tok kjøpmann
Rasmus D. Halvorsen over. Men dei første åra var postopneriet i Vågsvåg berre ope i fiskesesongen i februar og mars. Først i 1902 vart det avgjort at ”Vaagsvaagen” postopneri skulle vere ope heile året med levering frå ei såkalla bipostrute to gonger i veka frå ”Moldøen” postopneri inne ved kystleia. I 1917 vart namnet endra til ”Vågsvågen” og i 1921 endra på ny til ”Vågsvåg”. I 1973 vart Vågsvåg underpostkontor. Det fekk status som postkontor C i 1977 og vart lagt ned i 1993 og innordna under Måløy.
Vaagsvaagen
– sjå Vågsvåg.
Halsøyr
fekk brevhus i 1931. I 1933 vart postadressa endra til ”Halsøyra”. brevhuset vart lagt ned i 1950 og innordna under Raudeberg.
Halsøyra
– sjå Halsør.
Vedvik
fekk brevhus i 1931. I 1933 vart postadressa endra til ”Vedevik”, og det vart lagt ned og innordna under Raudeberg i 1950.
Vedevik
– sjå Vedvik.
Refvik
fekk brevhus i 1931 med poststempel ”Revika”. I 1933 vart dette endra til ”Revikja”. Det vart lagt ned i 1950 og innordna under Raudeberg.
Revika
– sjå Refvik.
Revikja
– sjå Refvik.
Silda
fekk postopneri i 1931 med gardbrukar Mons Silden som første styrar. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1997.
Husevåg
fekk postopneri i 1935 med lærar Sigurd Husevåg som første styrar. Det vart lagt ned i 1997.
Holvik
fekk brevhus i 1948 med poststempel ”Ytre Holevik”. Det vart lagt ned i 1964 og innordna under Måløy.
Kråkenesbygda
fekk brevhus i 1949. Det vart omgjort til postkontor C i 1983 og seinare lagt ned.
Kvalheim
fekk postopneri i 1952 med telefonstyrar Hans Myhre som styrar. I 1973 vart det underpostkontor, og i 1974 vart det lagt ned og innordna under Raudeberg.
Deknepollen
fekk postopneri i 1957 med Jenny Olsen som første styrar. Postkontoret vart lagt ned i 1998.
Angelshaug
fekk brevhus i 1961. Det vart lagt ned i 1983.
Gangsøy
fekk brevhus i 1965. Det vart lagt ned i 1987.