|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Fjaler: Handel på StraumsnesH. Aagesen var truleg den første som starta landhandel på Straumsnes ein gong på 1850-talet. Publisert 15.03.2007 08:55. Oppdatert 20.03.2007 08:24.I 1861 er han registrert som poststyrar og dampskipsekspeditør. Lars Larsen, f. 1839 på Husnes i Kvinnherad, hadde kome til Straumsnes i 1860. Han tok i 1861 over landhandelen og dei andre tenestene etter Aagesen. Larsen dreiv også bakeri og var ekspeditør for Fylkesbaatane. Det var truleg Larsen som bygde ei etter måten stor handelsbu like i sjøkanten. Larsen var ordførar i Fjaler i 11 år før han i 1892 flytta til Bergen og vart lagersjef i Fylkesbaatane.
I åra mellom 1892 og ca. 1909 var det I.A. Sønnervik som var handelsmann og poststyrar, og frå ca. 1909 var Haakon H. Hægland handelsmann og poststyrar på Straumsnes.
Butikkdrifta skilt utSeinare kom det folk med etternamna Langenes og Solvik som handlande på Straumsnes, og frå kring 1940 var det Magnus Åsnes som dreiv handelen som eit aksjeselskap, medan familien etter Ola Nedrebø frå Jølster, som hadde kjøpt eigedomen i 1912, stelte med post og dampskipsekspedisjon. Magnus Åsnes dreiv også som lakseoppkjøpar og kjøpte smør og egg frå bøndene for vidaresal.
Slutt på butikkdrifta i 2000I 1956 vart butikken flytta over til Ola sin soneson, Olav Nedrebø, sitt nybygg like ved den gamle sjøbua. Her fekk også postkontoret plass. I 1967 overtok Olav og Irene Øvrebø butikkdrifta. Butikken vart utvida i 1980, og frå 1992 var det sonen Jarle Nedrebø som dreiv. Han selde Straumsnes landhandel til Berit Bakkebø i 1997, og ho la ned drifta på den einaste butikken på Straumsnes i 2000.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|