·
Fiskeribedrifter i Fjaler
·
Skoprodusentar i Fjaler
· også om sagbruk, gruvedrift, bakeri og meieri.
- også om skysstasjonar
ANDRE OMTALAR:
I den vesle grenda Bjordal i Guddalen utvikla det seg på 1800-talet ein spesiell heimeindustri: Produksjon av såkalla "Bjordalsstolar".
skipa 1873 etter opptak frå Ytre Holmedal sokneselskap.
Ytre Holmedals Præstegjelds Brandassuranceforening
(Fjaler Branntrygdelag) vart skipa i 1873 som eitt av dei første branntrygdelaga i Sogn og Fjordane. Opptaket vart gjort av Holmedal Sogns Bondevenforening.
Brørne Anders og Andreas Loneland kjøpte den første lastebilen i Fjaler i 1928.
Haldis Skaar
starta dame- og herrefrisørsalong i Dale i 1933.
Alf Solheim
frå Hyllestad starta i 1951 fargehandel i Dale, etter å ha drive som målar i bygda sidan 1935. Sidan 1984 har sonen Svein Solheim drive fargehandelen.
Dale Elektriske
|
Dale Elektriske. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
vart starta i 1962 av Erling Haugsbø med fleire. Verksemda dreiv dei første åra både med installasjon og sal av elektriske artiklar. Etter konkurs i 1995 overtok Børje Eikerol fram til 2001, då Knut Lunde kjøpte butikken, som driv handel med kvitevarer, radio og TV, datamaskiner og telefonar.
Loneland Sand og Grustak
– sjå
Første lastebilen i Fjaler.
Mass Kjell Myklebust
starta som maskinentreprenør i Dale i 1971. Verksemda er i 2002 leia av sonen Roy Myklebust, er omgjort til aksjeselskap og har seks tilsette.
røyrleggjarforretning vart starta i Korssund i 1971 av Leif Skår.
|
Hovland teikna Wilken-bua. (Foto: A. Nybø, NRK) |
Olav Hovland
starta arkitektfirma i Dale i 1974, og har hatt opptil fem tilsette. Han har m.a. teikna den gjenreiste "Wilken-bua" i Dale.
Vestbygg Skår & Co.
byggevareforretning på Grytøyra vart starta i 1974 av Arne Skår og Asbjørn Hovland. Firmaet vart omskipa til Vestbygg AS i 1987 og driv også som bygningsentreprenør, og har sju tilsette.
Fristad Elektro AS
vart starta i 1977 i Førde av Jon Fristad, som i 1980 flytta verksemda til Grytøyra, og har i 2002 tre tilsette.
Dalsbua
vart starta i Dale i 1977 av ei gruppe kvinner frå Fjaler. Butikken sel m.a. kunsthandverk og lokale handverksprodukt.
Hope Rekneskapskontor AS
vart starta i 1982 av Ola Anders Hope. Kontoret har 3-5 tilsette og held til i
Dale Senter ANS.
Vestbygg As
- sjå Vestbygg Skår & Co., startår 1974.
Roald Nordnes
starta bygningsfirma i Korssund i 1987. I 2003 vart Terje Øksenberg kompanjong i det nyskipa aksjeselskapet Nordnes & Øksenberg. I tillegg til forskaling og bygningsarbeid har firmaet også utsal av måling og golvbelegg i Korssund. Verksemda har sju tilsette.
Kjøpesenter bygt i Dale i 1988. Bygget er på 2.300 kvm. fordelt på tre høgder.
|
Dale Spesialvarer. (Foto: A. Nybø, NRK) |
Dale Spesialvarer
starta 1988 av Kåre Solheim - sjå:
Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale.
|
Ove Myklebust i Elis AS. |
Elis AS
Datafirma skipa i Dale i 1992 av Ove Myklebust. Firmaet har spesialisert seg i utvikling av programvare for fakturering og avrekning, særleg for energi-bransjen. I 2005 hadde selskapet 33 tilsette og ei omsetning på kring 35 millionar kroner. Hafslund Venture AS og Data In Vest AS er store askjeeigarar i firmaet.
Flekketunet AS
- sjå:
Georg Storaker - landhandel og forretningsbygg.
designerfirma vart starta i Dale i 2004 av Birgitta Astrid Ralston og Alexandre Marie P. J. Bau.
I 2005 vart Lutelandet Utvikling skipa med sikte på å få bygd gassbasert storindustri i kystområdet Lutelandet som ligg på grensa mot Hyllestad kommune.
Skår VVS A/S
- sjå
Leif Skår A/S.