SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næringsliv i Selje:

Fiskeverksemder i Selje

Notbarking på Nabben ca. 1912. Foto: Kristofer Djupedal
Notbarking på Nabben ca. 1912. Foto: Kristofer Djupedal

Publisert 24.08.2001 12:17. Oppdatert 17.11.2006 09:08.

Trandamperi og slipp

Under dei rike torskefiskeria på 1920-talet låg det seks trandamperi kring Selje sentrum. I same periode dreiv Selje Slip og Mekaniske Verksted med vedlikehald av fiskebåtar.

AS Fiskevegn

AS Fiskevegn på Flatraket vart grunnlagt 1974 av Bodvar Vetrhus.

Ervik Havfiske A/S

Ervik Havfiske A/S er største fiskeriselskapet i Noreg innan autolinebåtar.

Elias A.R. Lekanger

starta 1909 fiskeforretning, trandamperi og hermetikkfabrikk på Stadlandet. I 1917 tønnefabrikk. Frå 1935 heitte familiebedrifta Statt Preserving, Lekanger & Co. Sysselsette på det meste
35 personar.

Stadlandet Kjøleanlegg

vart i 1960 overteke av AS Fiskeforsyning. Dette selskapet var eigd på samvirkebasis av fiskarane i Sogn og Fjordane, og liknande ”samvirke-anlegg” vart bygde i Solund, Bulandet, Bremanger og Raudeberg.

Selje Fiskeindustri AS

i Moldefjorden vart grunlagt 1979 av Svein Eilertsen frå Stokmarknes. Dreiv dei første åra med klippfisk, tørrfisk og innfrysing av makrell. Overteke av Domstein-konsernet 1985. Sysselset i 2000 45 årsverk.

Fiskerikonsernet Pan Fish

med Arne Nore frå Bryggja som grunnleggjar og hovudaksjonær eig dei fleste store oppdrettsanleggja i Selje kommune, etter at dei i 2000 også kjøpte fleire anlegg frå Måløy-selskapet OK-Fish Kvalheim.

Per Stave A/S

fiskeforedling vart starta i 1975 på Stadlandet av Per Stave. Hovudproduktet er tørrfisk, i hovudsak lange som går til Sverige og Finland som råstoff for lutefisk. I 1995 overtok sonen Rune Stave drifta. Verksemda har i 2001 produksjonslokale på 2500 kvadratmeter, 8 tilsette og ei omsetning på 11 millionar kroner.

Rakfiskproduksjon ved havet

Rakmakaren på Barmen vart skipa i 1993 av Magni og Egil Myklebust på Barmen. verksemda har spesialisert seg på produksjon av rakfisk, og hadde i 2003 ein årsproduksjomn på 15 tonn. I slaktesesongen sysselset verksemda 6-7 personar.

Hovudside:
Industri og næring i Selje



MEIR OM SELJE 
Selje kommune

 
Historia i Selje
Industri og næring i Selje
Kjende personar i Selje
Kommunehistoria i Selje
Krigshistoria i Selje
Kyrkjer i Selje
Samferdsle i Selje
Skular i Selje
Verd å sjå i Selje

 
Video frå Selje
Lyd frå Selje
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no