Førre side:
·
Kjende personar i Lærdal fødde år 1800-1850
(f. 1850). Tok over som kjøpmannn og jordeigar på Lærdalsøyri etter faren Jan Henrik Nitter Hansen.
Claus Søfren Janson Rumohr
(1850-1915) frå Rikheim. Bonde, lensmann og politikar. Overtok 18 år gamal godset Frønningen då onkelen
Hans Lem døydde barnlaus. Som odelsgut overtok han storgarden Rikheim i 1889, medan broren Bjarnhard fekk Frønningen. Claus vart i 1896 lensmann i Lærdal, og leigde frå same året og til 1907 ut
Rikheim-garden til jordbruksskule. Han var ordførar i Lærdal 1882-1893, og hadde ei mengd offentlege verv.
(1851-1928) frå Bergen. Gjorde ein stor innsats for å berge den norske biletvevtradisjonen, som var i ferd med å døy ut.
Anders Monsson Bjørndal
(1853-1914) frå Hosanger, busett på Frydenlund frå 1880. Han var byggmeister, og stod ansvarleg for reisinga av mange av dei mest kjende bygningane i såkalla sveistarstil på Lærdalsøyri og andre stader i Lærdal.
Jens Sigfred Hopstock
(1853-1924) frå Bergen. Ingeniør og norsk telefonipioner. Hopstock fekk i 1892 bygd telefonlina Voss-Gudvangen og lanserte elektrisk jernbane Voss-Stalheim i 1895.
– Sjå elles
Vik kommune.
Lars Andersson Raa
(1856-1934) frå Lærdalsøyri, busett i Borgund. Bonde, lensmann og politikar. Var lensmann i Borgund frå 1876 til 1916. Gjorde i 1916 opptaket til skiping av Borgund Sparebank, og hadde tillitsverv i banken fram til han døydde. Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 1932. Farfar til Lars A. Nesse (sjå denne lenger nede på sida).
Per Olsson Sandnes
(1858-1945) budde i Habben. Båtbyggjar, felemakar og kjend spelemann som fekk heidersprisar for kappleikar som Vestmannalaget i Bergen skipa til i 1897 og 1898. Fela hans og snekkarverktyet er i samlinga ved Sogn Folkemuseum.
(1864-1926) frå Lærdal. Prest og tredje styraren ved den kjende Sogndals folkehøgskule.
(1865 - ca. 1938) frå Lærdalsøyri. Sersjant og handelsmann som vart første leiar i Lærdal og Borgund Indremisjon.
(1880–1947) frå Lærdalsøyri, busett i USA. Rosemålar.
Jens Lemvik Andersson Frydenlund
(1885-1978) frå Ljøsne. Gardbrukar, skreddar og i si tid ein av dei dyktigaste spelemenn i Sogn. Også sønene Anders og Jens var dugande spelemenn.
Peter Bendow
(1886–1959) – sjå David Dietrichs Svendsen Arnesen (under).
David Dietrichs Svendsen Arnesen
(1886-1959) Fødd i Brunlanes, oppvaksen i Lærdal frå 1895-1906 då faren Johan Ludvig vart prest der. Skreiv som kriminalforfattar under dekknamnet "Peter Bendow", og endra seinare sitt eige namn til dette. Har skrive fleire skodespel, mellom desse "Kongens Ord" (1953) - om lærdølene sitt opprør mot militærtenesta i 1802 (sjå "
Filefjell - hovedvegen aust-vest"). Han var også ein kjend egyptolog, og skreiv fleire bøker om emnet.
Lars Andersson Nesse
(1889-1982) frå Nese i Borgund. Bonde, lensmann og politikar. Var lensmann i Borgund 1947 - 1957. Han var tredje generasjon i Nesse-slekta som var lensmann i kommunen. 27 år gamal vart han ordførar i Borgund, og var til då den yngste ordføraren i landet. Nesse hadde ei rad tillitsombod elles i kommunen og fylket, og tildelt Kongens fortenestemedalje i gull. Soneson til Lars Andersson Raa (sjå denne lenger oppe på sida).
(f. 1891) busett på Lærdalsøyri. Telegrafstyrar, politikar og redaktør.
(1891-1981) bygde i slutten av 1920-åra utleigehytter og dreiv teltplass på Steinklepp i Borgund.
(1891-1972) frå Stødno. Bonde og Bondeparti-politikar.
(1895-1982) fødd på Kløfta, busett på Lærdalsøyri. Lege og føregangsmann for reisinga av Lærdal sjukehus.
Nils Olsson Kvamme
(1899-1984) frå Kvamme. Bonde og spelemann. Han spela toradar og var kjend som ein tradisjonsbærar for slåttemusikk i Borgund.