|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Gloppen: Christen Søfrenson WittrupChristen Søfrenson Wittrup (1576–1636). Fut i Nordfjord 1596–1606, som slo seg til på Evebø, ein stor krongods-gard med store skogar og rike fiskerettar i Storelva. Publisert 28.02.2002 14:52. Oppdatert 08.03.2002 15:44.Christen Søfrenson Wittrup fekk bygsle garden på livstid. Han dreiv saga ved Evebøfossen, som var bygd på 1500-talet. Storelva har frå gamalt av vorte nytta til tømmerfløyting.
Men C.S.W. hogg så mykje skog at han miste privilegiet for skogsdrifta. Futen fekk mange klager på måten han skjøtta embetet på, og han vart supendert. Han flytta til Bergen og vart utnemnd til rådmann i 1624.
Seinare vart han teken i nåde og kom tilbake som fut. Wittrup fekk i 1622 løyve til å ta opp att sagdrifta i Evebøfossen, og eigde etterkvart 11 gardar i Gloppen og 3 andre stader i Nordfjord.
Enkja Anne Abelsdatter overlevde mannen med 36 år. Ho dreiv bøndene på gardane sine så hardt at ho fekk tilnamnet ”Blodbytta”. Ho brukte mange listige knep for å slå under seg mykje jord etter at fute-mannen hennar var død. Wittrup-familien slo seinare under seg fleire større jordeigedomar i Gloppen, m.a. Eide og Evebø.
Etterkomarane var både sorenskrivarar, lensmenn, og dreiv gjestgiveri.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|