SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Krigshistoria i Gloppen

Russiske krigsfangar på Sandane i 1943. Fire av dei flukta i 1944 og heldt seg skjult i Russehola fram til krigen tok slutt (sjå nede på sida).
Russiske krigsfangar på Sandane i 1943. Fire av dei flukta i 1944 og heldt seg skjult i Russehola fram til krigen tok slutt (sjå nede på sida).

Publisert 26.02.2002 12:32. Oppdatert 10.03.2006 13:37.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Det gamle vetesystemet i Nordfjord

Den eldste og raskaste måten å varsle ufred på i gamle dagar, var å tenne vetar. Vetane stod oftast på høge fjell med vidt utsyn.

Gloppenske Kompani

hadde frå 1700-talet eksersisplassar på Vereide og Re. Kompanisjefen budde frå 1768 på Apalset. I 1792 vart Ytre-Hauge utpeika som sjefsgard.

1. verdskrig

Under utbrotet av 1. verdskrig 1914 oppheldt den tyske keisar Wilhelm seg i Balestrand (sjå "Krigshistoria i Balestrand"). Den tyske kronprinsen låg i Olden, og reiste straks til Sandane. Der vart han i hui og hast køyrd til Vadheim og henta der av sine eigne då krigen braut ut. Sjåfør til Vadheim var Ola Rasmusson Ryssdalsnes frå Sandane, og Agnar Nyhagen var grindagut.

2. verdskrig:


Bombinga

Ved krigsutbrotet i april 1940 vart også Gloppen utsett for bombing: 28. april freista tyske fly å senke det danske skipet ”Keiserinne Dagmar” på Gloppefjorden, utan å lukkast. I samband med bombinga av lasteskipet ”Wartheland” på Nordfjordeid 1944 (sjå "Krigshistoria i Eid") løyste allierte fly også skot over Gloppefjorden, utan at dei gjekk til større åtak på konkrete mål.

Søkte ly i Hyefjorden

I Hyefjorden søkte hurtigruteskipet D/S "Finnmarken" ly dei første krigsvekene i 1940. Skipet som var bygt i 1912, gjekk seinare inn i hurtigruta langs kysten, og gjekk i ruta så lenge krigen varte.

Militærleir på Sandane

Under 2. verdskrig bygde tyskarane ein militærleir på Sandane, og konfiskerte m.a. Turnhallen som sovesal. På Sandane bygde tyskarane opp store varelager som m.a. skulle forsyne dei store leirane dei hadde i Førde, Stryn og på Nordfjordeid.

Gøymte unna våpen

Trass i nøye kontroll og krav om innlevering, fekk skyttarlagsfolk gøymt unna mykje våpen og ammunisjon. I Hyen dreiv ein m.a. hjortejakt gjennom heile krigen. Tyskarane var på sporet ein gong, utan å finne jegrane. Også på andre støylar i Gloppen vart det fleire gonger leita etter våpen.

Olav Sande - forretningsmannen

hadde såvidt starta radioproduksjon på Sandane før krigen, og dreiv også undervisning i elektroteknikk på ein kveldsskule (sjå "Skular i Gloppen"). Tyskarane ville utnytte kunnskapane hans i si teneste til m.a. reparasjon av utstyr, men Sande saboterte ved å seie at han mangla reservedelar.

Brenneved

Under krigen vart det fleire stader i Gloppen stor hogst av brenneved. I Skjerdal t.d. vart det hogge fleire tusen mål bjørkeved som vart fløyta med elva til fjords. Opptil 20 ”skogsrekruttar” tok del i arbeidet.

Paula Andersen-mysteriet

Dette mysteriet hadde samanheng med at ungjenta Paula hadde gått frå Fitje og over fjellet for å besøke kjærasten sin på Gjengedalsstøylen i Hyen i 1944. På veg heim att vart ho sporlaust borte. Store styrkar saumfòr fjellet utan å finne noko. Sidan det var krig, gjekk det mange rykte om kva som kunne ha hendt med Paula. I ein nøkkelroman (”Vi håper på høsten”) som vart skriven om mysteriet, vart det m.a. antyda at ho kunne ha slått seg saman med ein tyskar og rømt.

Russarane var fangar i dette huset på Sandane.

Russehola

på sørsida av Gloppefjorden (like ved der søppelfyllinga Ivahola ligg i dag) har sitt spesielle namn frå 2. verdskrig: På Sandane vart det i 1943 oppretta ein leir for 40 russiske fangar. Hausten 1944 greidde fire fangar å røme. Etter ei spennande flukt, hjelpte motstandfolk dei til å gøyme
I Russehola er det framleis sko og reidskapar etter russarane.
seg i ei fjellhole på Sørstranda. Trass i fleire rassiar, greidde ikkje tyskarane å finne gøymestaden. Motstandsmannen Alex Krag budde saman med russarane i hola til frigjeringa 1945. Russarane gjekk i 17. mai-toget på Sandane i 1945. (Høyr reportasje oppe på sida.)

Todørshellaren - ein motstandsbase

I dei siste månadane av 2. verdskrig vart ein berghellar på austsida av Hyefjorden, kalla Todørshellaren, tidvis nytta som base og møteplass for Milorg-folk.

Motstandsbrørne Olav K. og Rolv Henden

- sjå under "Olav K. Henden".

Brennevinslageret

Ved feiringa av frigjeringa 1945 kom ei avdeling frå commandostyrkane Red Devils til Sandane. Dei opna tyskarane sine lager av vin og brennevin, og skjenkte seg sjølve og bygdefolket til det var tomt!

Falne og omkomne frå Gloppen



Firda-elevar som fall under 2. verdskrig



Folk frå Gloppen i tysk fangenskap


MEIR OM GLOPPEN 
Gloppen kommune

 
Aviser og media i Gloppen
Historia i Gloppen
Industri og næring i Gloppen
Kjende personar i Gloppen
Kommunehistoria i Gloppen
Krigshistoria i Gloppen
Kyrkjer i Gloppen
Samferdsle i Gloppen
Skular i Gloppen
Verd å sjå i Gloppen

 
Lyd frå Gloppen
Video frå Gloppen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no