|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Gloppen: Nordfjord Folkemuseum | Holvikjekta vart teken på land og sett under tak på Austrheim i 1902. (Foto: NRK) |
Nordfjord Folkemuseum vart skipa på Sandane i 1920 av Nordfjord Sogelag med Ola Sande som drivande kraft. Publisert 01.03.2002 09:03. Oppdatert 17.01.2007 09:55.
Alt i 1905 var den første kimen til lokalisering på Sandane lagt, då den siste Nordfjord-jekta, Holvikejekta, vart dregen på land og sett under tak på Austrheim. Denne ”starten” med jekta vart brukt som argument i tautrekkinga om kvar folkemuseet for Nordfjord skulle liggje. Nordfjord Folkemuseum har vore formell eigar av Holvikejekta sidan 1981.
| Holvikejekta i sitt rette element. Foto teke i 1906 av eit amerikansk fototeam, Viking View Company. Biletet er utlånt av Firda Tidend. |
Dei andre samlingane med m.a. eldre hus vart opna i Åsen på Sandane i 1920, men vart i 1959 flytta til Jølet på Sandane, der det held til i dag. I 1995 vart eit eldfast musèumsbygg på 1800 kvadratmeter teke i bruk. I 2006 er det oppsett kring 40 hus på muséet, der ein sentral del av samlingane er vassbruks-avdelinga med kvern, oppgangssag, stampe, vassdriven slipestein og elektrisitetsverk m.m. rekonstruert langs elva som renn gjennom muséumsområdet.
| Gamle bygningar på Nordfjord Folkemuseum. (Foto: Asle Veien, NRK) |
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|