SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Luster:

Henrik Angell

Henrik Angell
Henrik Angell
Henrik August Angell (1861-1922) frå Luster, busett i Oslo. Offiser, eventyrar og skipionér.

Publisert 02.08.2002 13:25. Oppdatert 20.11.2006 11:59.
Var offisersson, og hadde dei ti første oppvekståra sine på garden Kvåle i Luster, men familien flytta til Bergen kring 1870.

Knallhard militærkarriere

Offiser 1882, tenestegjorde ei tid i generalstaben og tok generalstabseksamen 1898. Vart major og bataljonssjef i infanteriet 1910, og oberst og regimentsjef i 1911.

I Framandlegionen

Søkte i 1918 avskjed som norsk offiser og let seg verve som løytnant i den franske Framandlegionen. Tenestegjorde ved vestfronten og ved den nordrussiske fronten i 1. verdskrig. I Russland vart han sterkt frostskadd og måtte seinare amputere fleire lemmar. Vart i 1920 offiser i den franske "Æreslegionen".

Ivrig skiløpar

Angell er likevel mest kjend som ein ihuga skiløpar og idrettsorganisator. I ungdommen gjorde han fleire skiferder i fjella på Balkan, og skreiv m.a. om opplevingane i boka "Gjennem Montenegro paa ski" i 1895. Frå Balkan skreiv han også m.a. bøkene "De sorte fjelds sønner" og "Et sterkt folk". 1904 var han skiinstruktør for franske alpetropper i Briancon.

Relieff av Angell på bauta i Luster. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)

Sykla i Europa

I tillegg til skiferdene, sykla Angell gjennom store delar av Europa og også Algier på sykkel.

Tala for nynorsk og forsvar

I heimlandet Noreg reiste han på 1880- og 1890-talet rundt som folketalar der han agiterte for eit nasjonalt norsk forsvar. Han reiste også som foredragshaldar for nynorsk målreising, og skreiv også bøker på nynorsk. Angell arbeidde dessutan som kartmålar for Norges Geografiske Oppmåling. Han interesserte seg sterkt for norsk krigshistorie, og skreiv m.a. bøkene "Kaptein Jürgensen og Leirdølene hans" og "Syvaarskrigen for 17. mai".

Bautaen over Angell står ved sjukeheimen i bygda Luster. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003)

Fremja skiidretten

Det er likevel som agitator for skiidretten og idrettorganisator at denne allsidige offiseren har sett djupaste merka etter seg: I boka "Norge 1814-1914" skreiv han om norsk idrett, og "Norsk Skilauparsoge" gav han ut i 1908. Han var første nordmann i den internasjonale olympiske komitéen. Lokalt reiste han m.a. rundt i Sogne-bygdene og agiterte for skiping av idrettslag og skiklubbar.

Minnesmerke

I 1923 vart det reist ei statue av Angell i Holmenkollen i Oslo.

Ved sjukestova i fødebygda Luster er det reist ein fem meter høg minnestein med relieff av Henrik Angell. Steinen vart reist i 1924 av Sogn Ungdomslag.

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no