|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kongevitjingar i Vik Publisert 05.08.2002 12:34. Oppdatert 06.11.2002 13:14. | Kong Oscar II.
|
Kong Oscar IIav Sverige/Noreg vitja Vik og Vikjamoen 1896. Han vart motteken med æresportal og ei flagg- og lauvpynta reiserute frå kaia og oppover bygda til eksersisplassen Viksmoen. Vikjene flagga visstnok med det reine norske flagget under denne kongevitjinga. Kongen såg det, men sa ingenting.
| Kong Haakon VII (fremst) og keisar Wilhelm II under avdukinga av Fridtjof-statuen 31. juli 1913. |
Kong Haakon VIIvitja Vangsnes 31. juli 1913 saman med keisar Wilhelm II av Tyskland for å avduke statuen av Fridtjof den frøkne, som keisaren hadde finansiert og gjeve til bygda.
| Kong Olav V kom ikkje til Vik i 1957. (Foto: Scanpix) |
Kong Olav Vskulle som kongeregent opne Vikafjellsvegen i 1957, men måtte melde avbod då faren kong Haakon VII døydde.
Kong Harald V og dronning Sonjavitja Vik i juni 2002 på ei rundreise som elles gjekk til Aurland, Årdal, Balestrand, Hyllestad og Gulen kommunar. Dei kom med kongeskipet "Norge" til Vangsnes, og fekk også m.a. ei omvising på gamle Vikøyri og Vik Meieri. Sjå: Kong Harald og dronning Sonja i Sogn juni 2002.
| Kong Harald V og dronning Sonja går i land frå sjaluppen på ferjekaien i Vangsnes. Dei vert mottekne av hamnesjef Per-Martin Berglund. (Foto: NRK) |
SE OGSÅ
Siste saker:
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|