Sorenskrivarembeta vart skipa i 1591. Den første sorenskrivaren i Sunnfjord heitte Peder Jørgensen og er nemnt i 1625. Kvar han budde veit ein ikkje sikkert. Men truleg budde han på Fure, som på den tida var futesete.
Åra mellom 1637 og 1649 budde sorenskrivaren Lauritz Mikalson Bugge i Sørbøvåg (sjå:
Overklassen budde i Hyllestad), der han eigde gard.
|
Sorenskrivargarden på Yksnesbjør. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Busett på Yksnebjør
I 1649 busette sorenskrivaren seg i Dale. I 1701 veit ein at sorenskrivar Hans Schwartzkopf eigde garden Yksnebjør i Dale. Han budde på garden til 1727.
Sorenskrivaren hadde tilhald i Førde mellom 1727 og 1745. Då vende sorenskrivaren tilbake til Dale, og vart buande der til 1852, då embetssetet flytta til Førde (sjå:
Større offentlege institusjonar i Førde), der det har hatt tilhald sidan.
|
Arentz eigde ein stor del av Steia gard. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Den kjende opplysningsmannen og juristen
Hans Arentz vart sorenskrivar i Sunnfjord i 1762. Han kjøpte den nedre delen av Dale gard i 1765 og busette seg der. I tillegg åtte Arentz m.a. ein stor del av Steia gard i Dale, der
Nikka Vonen seinare dreiv den kjende jenteskulen sin. Arentz vart gjennom inngifte i futeslekta Nagel på Svanøy og ved auksjonskjøp elles, stor jordeigar i ytre Dalsfjorden.
Då
Nils L. Landmark vart sorenskrivar i Sunnfjord, kjøpte han garden Tysse (
Storgarden Tysse) og busette seg der i 1809. Han var sorenskrivar til 1852, og sidan har Førde vore sorenskrivarstad.