|
(Foto © Fylkesarkivet) |
Niels Tygesen Knag (Knagenhielm) (1661-1737) fødd på Vågnes på Sunnmøre, busett m.m. i Bergen og på Askøy. Lagmann, justisråd og godseigar, og stamfar til Knagenhjelm-slekta i Kaupanger.
Foreldra til Knag var sorenskrivar Tyge Castberg og futedottera Maren Knag. Frå broren til Nils Knag, Christoper Castberg, stammar den norske Castberg-slekta.
Karriere som sorenskrivar
Niels Knag starta karrieren som sorenskrivarfullmektig i Gausdal før han i 1685 vart sorenskrivar i Finnmark, og frå 1688 også fut same stad. I denne tida utarbeidde han eit oversyn over busetnad, kultur og næringsvegar m.m. i Finnmark - "Finnmarks Beskrivelse".
Under opphaldet i Finnmark bygde Knag ein stor formue - truleg ved å drive handel.
Lagmann på Vestlandet
Vart 1688 viselagmann i Stavanger, frå 1692 same stilling i Bergen. I 1695 utnemnd til lagmann i Bergen. Kring garden sin Hop på Askøy skaffa han seg etter kvart store eigedomar.
Flytta til Sogn
I 1710 kjøpte Niels Knag Kaupanger-godset (sjå:
Kaupanger Hovedgård), setegarden Stedje (
Storgarden Stedje) og delar av det tidlegare godset til
Losna-ætta i ytre Sogn frå stiftsamtmannen i Trondheim, Iver Prebenssøn von Ahnen (sjå:
Preben von Ahnen til Bodøgaard).
Vart adelsmann
Vart adla i 1721 og fekk namnet Knagehielm. Han fekk rang som justisråd i 1733. Ved fleire høve fungerte Knagenhielm også som stiftsamtmann i Bergens Stiftsamt.