Jostedalen var frå først av delt i eit øvre og nedre distrikt: Til nedre høyrde Myklemyr, Sperle og deler av Kreken - til øvre resten av Kreken, Krundalen, Mjølverdal og Fåberg. Kvart distrikt hadde si eiga omgangsskuleordning.
Sperle
Frå 1860 fekk ein "kyrkjekrinsen" kring Sperle, der ungar frå gardane på begge sider av elva gjekk. Ofte var elva så stri at det måtte ordnast med skule også på austside-gardane. Sperle krins fekk fast skulehus i 1876, delvis finansiert ved midlar frå eit gamalt offentleg kornmagasin i bygda - sjå også
Jostedals Sparebank. Skulehuset var i bruk til ungane vart flytta til sentralskulen på Bjørk i 1968.
Myklemyr
fekk eige skulebygg i 1894. Det var i brukt til 1964, då ungane vart skyssa med skulerute til Kreken krins.
Kreken krins fekk skulehus på Bjørk i 1885.
Krundalen krins
fekk eige skulehus i 1898 på Snøtun. Dette skulehuset er i dag flytta til prestegarden i Jostedalen og nytta som eit lite skulemuseum. Krundalen fekk ny skule i 1959.
Etter at skulen vart sentralisert i 1968, har skulehuset i Krundalen vorte nytta til leirskule og som "fjellsportsenter" og kursstad for
Jostedalen breførarlag under nemninga "Bretun". Breførarlaget kjøpte bygningen i 1990.
Mjølværdal krins
øvst i Jostedalen fekk eige skulehus på Lien i 1891 - også dette finansiert ved lån frå "Kornmagasinfondet". Då skulen vart sentralisert bort i 1968, vart dette huset flytta til Fåbergstølen og nytta som privat hytte.
Den første tanken om ein samleskule for krinsane Myklemyr, Sperle og Kreken dukka opp midt på 1950-talet.