SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Luster:

Tobakksdyrkinga i Luster

Tobakksplante. (Foto: NRK)
Tobakksplante. (Foto: NRK)
Bygdene kring Lustrafjorden er kjende for sitt tørre og milde sommarklima. Dette var den viktigaste grunnen til at desse bygdene fekk ein omfattande "tobakksindustri"
frå slutten av 1800-talet og fram til 1. verdskrig.

Publisert 14.07.2003 11:37. Oppdatert 29.01.2007 11:13.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Tobakksdyrkinga i Luster [WM]  Herman Tandle og Ingvar Martinussen fortel til Geirmund Henjum om tobakksdyrkinga i Luster kring 1900.
På mange bruk var det ei viktig attåtnæring. Heilt til nyleg har det funnest restar etter tobakkshus og reidskap nytta i tobakkproduksjonen kringom på gardane.
Frå ein tobakkshage i Luster


Tobakksdyrking alt på 1600-talet

Men mindre kjent enn tobakksdyrkinga på denne tida er det at ein alt på 1600-talet dyrka tobakk i Luster. Truleg var det folk frå overklassen som tok med seg kunsten å dyrke tobakk.
Det første handfaste provet på tidleg tobakksavl i Luster er frå 1683, då Ole Skiebinder på garden Melheim i Indre Hafslo er registrert med tobakkshus, og i 1673 heiter det at Nils Monsen Sandvik i Gaupne dyrka tobakk. Det finst også dokumentasjon på at tobakk vart brukt som betalingsmiddel i Luster-bygdene frå midten av 1600-talet og utover.
Tobakksdyrkinga i denne perioden tok slutt kring 1700.

Starta i Underdal

Tobakksblad til tørk. (Foto: NRK)
Frå 1880-åra vart indre Sogn - og særleg Luster - eit senter for norsk tobakksdyrking.
Det starta med Øystein Underdal i Aurland som vende heim frå Amerika i 1882. Etter sju år i Wisconsin hadde han lært seg å dyrke tobakk. Han sådde ein tobakksåker på heimegarden i Underdal.
Noko stort omfang fekk ikkje tobakksdyrkinga korkje i Aurland eller andre Sogne-bygder før kring 1890.

Ålesundar føregangsmann i tobakksavlen

Tidleg på 1890-talet slo ålesundaren Ingvald Martinussen seg ned i Luster-bygda. Der starta han tobakksdyrking på garden sin på Kvale. Han hadde på same vis som Øystein Underdal, lært seg kunsten i Wisconsin. Martinussen hadde budd der i 25 år før han vende heim.

Martinussen satsa stort. Han fekk andre med seg, og i løpet av kort tid vart i alt 150 dekar lagt ut som tobakksplantasjar på gardar i Luster.

Tobakksplantar på 350 dekar

Toppåret for tobakksdyrking i Sogn vart 1902. Då vart det dyrka tobakk på 267 dekar i tidlegare Luster kommune, 38 dekar i Hafslo kommune, 19 dekar i Aurland, 14 dekar i Sogndal og 8 dekar i Lærdal kommune.
Nettofortenesta på god tobakk kunne vere over 200 kroner pr. dekar, så det var retteleg god butikk for dei som lukkast med avlinga.

I tillegg til det bøndene sjølve dyrka, leigde mange også ut ferdig gjødsla åkerlappar til andre som ville dyrke sin eigen tobakk. I Sogndal kunne ein t.d. leige seg eit mål ferdiggjødsla jord til 40 kroner året. Då var også bruk av ein hest til arbeidet inkludert.

I 1902 var det 136 gardbrukarar og 33 husmenn som hadde planta tobakk berre i Luster kommune.

Tobakksdyrking var ein kunst

Tobakksfrøa fekk dyrkarane frå Amerika, men også norske tobakksfabrikkar sytte for frø til dei som ville prøve seg. Mest populær var sorten "Spanish", men også frø frå sortane "Black leaf", "Kentucky" og "Virgina" fann vegen ned i jordbenkane i Luster.
Her spira frøa under glas i ei blanding av moldjord blanda med tremasse. Tremasse frå morkna bjørkestammar skulle vere spesielt gjevt. Plantane vart sette ut i åkeren når dei var 4-7 cm høge i siste halvdel av mai. Åkeren var på førehand svært godt gjødsla med opptil 30 møkkalass pr. dekar. Beste gjødsla var hestegjødsel.

Under veksten var det viktig å halde "plantasjen" rein for ugras. Blomsterskot måtte knipast av slik at blada fekk utvikle seg godt.

Tørking i spesielle tobakkshus

Haustinga gjekk føre seg i slutten av august, men einskilde drygde heilt til førstninga av oktober. Haustinga måtte gå føre seg i godt vêr. Dei skorne blada vart spila ut med spesielle trespiler for å få jamn og god tørking av heile flata. Frå åkeren vart blada køyrde til dei spesielle tobakkshusa og hengt til tørk. Tobakkshusa hadde eit slags vertikalt "persiennesystem" med bevegelege, loddrette bord i veggane slik at ein kunne regulere luftgjennomstrøyminga.

Fermentering

Når tobakksblada var høveleg tørka ein gong i desember - januar, vart dei sorterte etter kvalitet og bunta saman i "dokker". Deretter skulle tobakken "fermenterast". Dette var spesialistarbeid som bøndene ikkje gjorde for sjølve, men let ekspertar ta seg av: Fermentering var ein modnings- eller gjæringsprosess. Tobakksblada vart fukta lett med vatn, før buntane eller "dokkene" vart lagde ned i ei kasse slik ein legg ned sardinar. I denne prosessen er det at tobakken vert brun eller gulbrun i fargen. Kom det luft til i mellom tobakken under fermenteringa, vart den øydelagt. Dyrkarane selde tobakksblada til oppkjøparar som sytte føre å "fermentere" tobakksblada før dei vart selde vidare til tobakkfabrikkane.

Etter eit par månader vart den ferdig preparerte tobakken sendt i 200 kilos ballar til fabrikkane. Det meste gjekk til J. L. Tiedemanns Tobaksfabrik og Conrad Langaard i Oslo.

Sigarfabrikk i Solvorn

Sigarrulling. (Foto: NRK)
Men det var også dei som prøvde seg med produksjon av ferdigvarer lokalt:
I 1902 starta Bernt Bertelsen tobakksfabrikk i Solvorn. Han var sjølv den klårt største tobakksdyrkaren i Hafslo kommune med ein plantasje på vel 13 dekar.

Bertelsen spesialiserte seg på å framstille sigarar. Nokre vart rulla av rein norsk tobakk, medan finare kvalitetar frå Solvorn-fabrikken også fekk blanda inn utanlandsk tobakk. Bertelsen fekk øvde folk oppover frå Bergen og Oslo til sigarrulling i sesongen.

Sigarrulling var nemleg ikkje arbeid for kven som helst!
Sigarfabrikken i Solvorn fekk kort levetid. Ei avgift som vart lagt på norske tobakksdyrkarar i 1903, gjorde den lokale produksjonen lite lønsam, og Bertelsen gav seg.

Tobakks-epoken tek slutt

Sjølv om tobakksdyrking kunne vere vel så lønsamt som mykje anna for sognebøndene,
går tobakksdyrkinga i åra etter 1903 raskt nedover, og ved utgangen av 1. verdskrig i 1918 er det så godt som slutt. Grunnen låg nok først og fremst i statsavgifta som vart innført i 1903, dessutan vanskane med å halde plantane reine for sopp og insekt. Vrakprosenten var stor.

Oppsving og Luster Tobakkslag

Ei anna årsak var sjølvsagt at norsk tobakk ikkje kunne konkurrere i kvalitet med den utanlandske. I jobbetida under 1. verdskrig med mykje pengar blant folk fekk mange smaken på dyrare importtobakk. I 1919 og 1920 låg det såleis mange tonn useld tobakk hjå fermentørane i Sogn.
Likevel kom det eit lite oppsving att frå 1932 og utover. Då vart også Luster Tobakkslag skipa. Det kom også eit ekstra blaff under 2. verdskrig då importen tok slutt og tobakkshungeren var stor i det okkuperte landet.

Sjå også:
· Tobakksdyrking


MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no