Det er også eit stort paradoks at bygdene i den "vassrike" Jostedalen var dei siste i fylket som fekk elektrisk straum. Det skjedde først i 1958.
Det var advokat Erik Fraas og grosserar
Jacob Jacobsen Molland som først sikra seg fallrettane i Jostedalselvi og sideelva Leirdøla. Seinare selde dei til Staten.
I 1966 starta Statkraftverka planlegging av ei enorm kraftutbygging i Breheimen og Jotunheimen.
Leirdøla-vassdraget er eit sidevassdrag til Jostedalselvi, og ligg på vestsida av hovuddalføret. Det eigna seg såleis godt for ei separat utbygging, og detaljerte planar vart lagde fram i 1971.
Lokalt i kommunen argumenterte særleg dåverande ordførar
Anders Bjørk for varige arbeidsplassar i byte mot kraft. Det første resultatet av dette kravet var at "Indre Sogn-utvalet" vart skipa vinteren 1972.
Statkraft starta utbygginga av Jostedalsvassdraget i 1984. Då krafta frå vassdraget kom på nettet i 1990, hadde anlegget kosta 2,3 milliardar kroner. På det meste arbeidde det kring 1.000 personar på Jostedalsanlegga.