På Dalsøyri nokre hundre meter lengre nord med stranda, kom Mads Sørenson (f. 1614) frå Talle som den første kremmaren i 1649. Han hadde budd ei tid i Bergen, og truleg løyst borgarbrev der.
Han starta først handelen på Heltne, men flytta kring 1660 ned på Dalsøyri. Denne handelen vart kring 1700 teken over av ein mann frå presteslekta Reutz, Adam Stevelinson Reutz (f. 1673-1722). Han dreiv handelen på garden sin på Heltne, som ligg like ved Dale-kyrkja.
Enkja etter Reutz, Else Marie Nagel, gifta seg i 1723 opp att med Arnt Christoffer Rein frå Solvorn, som dreiv handel både med lustringar, jostedøler og "opplendingar" frå Gudbrandsdalen. Han var dessutan gjestgjevar, og dreiv som ein slags bygdedokter og sakførar for folk. Gjennom giftarmålet vart han også ein stor jordeigar. Men då han døydde 1749, gjekk handelsretten over til Dominikus Lemvig på Døsen.
Berre sju år etter får ein ny eigar på Heltne, Jens Hetlne, rett til å drive handel der. Men i 1798 vart det sett forbod mot meir handel på Heltne.
I 1767 fekk han elles frivillig "konkurranse" om handelen i Luster frå broren som kalla seg Thomas Hanson Dalsøren (1716-1780). Thomas var også lensmann, og skreiv i 1765 kontrakt med broren Adam Reutz om at han fekk lov å drive handel på Dalsøyri. Handelsløyvet frå styremaktene fekk han i 1767.
Om "gamlelensmannen" går det segner om at han dreiv med det meste: Handel, gjestgiveri, fehandel og gardsdrift. Sonen Mons Thomasson Dølsøren tok over etter faren 1781. Han kjøpte også garden Nygård og slutta då med handelen og gjestgiveriet på Dalsøyri.
|
Mons Thomasson Dølsøren kjøpte Nygård. (Foto: Arild Nybø) |