SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Luster:

Ludwig Wittgenstein

Ludwig Josef Johann Wittgenstein (1889-1951) frå Austerrike, busett m.a. i hytta si i Skjolden i fleire periodar. Verdskjend filosof, og rekna som ein av dei fremste filosofane i den 20. hundreåret.

Publisert 04.11.2003 15:24. Oppdatert 01.12.2003 12:18.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Ludwig Wittgenstein.
Han kom frå ei velståande familie, og etter ingeniørutdanning studerte han 1912-1913 matematikken sine filosofiske grunnlagsproblem under den store filosofen Bertrand Russel ved Cambridge University.

Vart standardverk

I 1921 gav Wittgenstein ut arbeida sine i boka "Tractatus Logico-Philosophicus", der den såkalla "bilet-teorien" i språket står sentralt. Denne boka er på berre 80 sider, men er likevel rekna som eit av dei viktigaste standardverka i moderne filosofi.

Budde i Skjolden

Frå 1913 budde Wittgenstein i Skjolden, der han først leigde seg rom hjå Hans Klingenberg. Han bygde etter ei tid si eiga hytte på ei fjellhylle på nordsida av Eidsvatnet. Huset var på 8 x 7 meter og vart kalla "Østerrike". Her fekk han arbeidde i fred.

Hytta til Wittgenstein ved Eidsvatnet.

Deltok i krigen

Då 1. verdskrig braut ut i 1914, melde Wittgenstein seg frivillig til teneste i den austerrikske hæren. Han gjorde frontteneste det meste av tida, og sat etter krigsslutt i 1918 i fangenskap i eitt år. Han kom på nytt tilbake til Skjolden i 1921. Med krigen hadde familieformuen gått tapt, og han livnærte seg i nokre år m.a. som lærar, arkitekt og gartnar.

I Wiener-krinsen

Ut på 1920-talet kom han i kontakt med filosofen Moritz Schlick og hans "Wiener-krins". Først i 1929 kom han tilbake til Cambridge og tok opp att arbeidet som filosof. Her vart Wittgenstein professor i 1939, og arbeidde ved universitetet der til 1947.

Grunnmur frå Wittgenstein si hytte. (Foto: Janneche Strønen, NRK)

Attende til Skjolden

I mellomkrigstida budde Wittgenstein i hytta si i Skjolden m.a. i ni månader vinteren 1936-1937. Året før han døydde av kreft, vitja han Skjolden for siste gong.

Fleire skrifter

Etter at han døydde i 1951, vart filosofiske skrifter som Wittgenstein etterlet seg, gjeve ut under titlane "Philosopische Untersuchungen" (1953), "Remarks on the Foundations of Mathematics" (1956), "Notebooks 1914-1916 (1961), "Philosopische Bemerkungen" (1964) og "On Certainty" (1969).

Seminar i Luster

I seinare år har det vorte arrangert nasjonale og internasjonale "Wittgenstein-seminar" i Luster.

Biografiar

Mellom biografiane som er skrivne om Wittgenstein er "Fornuft og følelse" av den norske forfattaren Knut Olav Åmås (Gyldendal 2000).

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no