Selje Indremisjonsforening
skipa 1868.
Borgundvåg Misjonsforening
skipa 1884 av Johan Kjøde.
Selje Fråhaldslag
skipa 1890 av Zakarias Kvamme.
Stadlandets Laksefiskerforening
skipa 1894. Foreninga hadde som første føremål å motarbeide ei lov frå 1891, som fastsette fredingstider for laksen.
Nordstranda kristelege ungdomslag
(Stadlandet) skipa 1898. Starta bibliotek for heimlån, og reiste 1913 krossen på
Dragseidet som tjodveg og minnestein over omkomne fiskarar 1938. På denne er det seinare festa minneplate over falne i 2. verdskrig frå Stad.
Hove Kristlege Ungdomsforening
skipa 1900. Drive fram til 1940. Losje Statt av IOGT skipa 1906. Dette var ein vidareføring av ein barnelosje skipa 1903. Dei gav ut det handskrivne medlemsbladet ”Samhald”.
Selje Fiskeriforening
skipa 1906, nest eldste fiskarlaget i fylket etter Florø.
Losje Statt av I.O.G.T.
skipa 1906. Dette var ein vidareføring av ein barnelosje skipa 1903. Dei gav ut det handskrivne medlemsbladet ”Samhald”.
- Sjå elles under Sogn og Fjordane fylke – artiklar om
Fråhaldsrørsla og
Nordfjord distriktslosje av I.O.G.T..
Losje Ulabrand
i Refsnes krins skipa 1907.
Selje Sanitetsforening
skipa 1911 av Sara Jensen og Inga Nybø.
Barmøen og Pollernes Fiskeriforening
skipa 1914. Frå 1938 Barmøy Fiskarlag.
Stadlandet fiskarlag
skipa 1918.
Ungdomslaget "Arne Garborg"
skipa 1924. For grendene kring Moldefjorden.
Framtidsvon ungdomslag
i Kjødepollen vart skipa i 1925.
Stor- og Vårsildlaget
skipa i 1929 lokallag i Selje. Seinare gjekk dette og liknande lag lang kysten inn i Noregs Sildesalslag. – Sjå meir under Sogn og Fjordane fylke –
Næringsorganisasjonar.
Pinsevenene
skipa eiga gruppe på Stadlandet i 1931 med Hans Drage som leiar. I 1947 fekk pinsevenene sitt eige hus, Filadelfia, og lyden talde i 2002 kring 80 medlemer.
Barmøy ungdomslag
skipa 1918. Eige hus 1933.
Selje Idrettslag
skipa 1937
Barmøy Kristelege ungdomslag
skipa 1943.
Ungdomslaget "Framsteg"
Selje skipa 1946. Eit framhald av Hove Kristelege ungdomslag. Bygde saman med Selje Idrettslag Selje Samfunnshus i 1954.
Stadlandet Ungdomslag
skipa 1947.
Stadlandet Idrettslag
skipa 1949.
Stadlandet skulemusikk
vart skipa i 1966.
Selje Skulekorps
skipa i 1970.
Flatraket skulekorps
vart skipa i 1970
Flatraket Idrettslag
vart skipa i 1976.
Årsheim Idrettslag
skipa 1977.
Selje næringsforening
som omfattar alle næringslivsbransjar i kommunen, vart skipa i 2007.