|
Foto: Cosmin Cosma. |
På 1950- og 1960-talet tok Noreg dei store krafttaka i distriktsutbygginga. Kraftkrevjande storindustri skulle skaffe landet hardt tiltrengde valutainntekter, samstundes som dei nye industribyane skulle demme opp for fråflyttinga av utkantane.
VIDEO:
Program 'Førde - et sentrum for Sogn og Fjordane' - program i fire delar.
I 1961 kom Distriktenes Utbyggingsfond, og utover 1960-talet kom dei store landsdelsplanane som la opp strategiane for utbyggjing av næring og infrastruktur i distrikta.
Ein av strategiane var å etablere såkalla vekstsentra i næringssvake distrikt med stor fråflytting. Indre Sunnfjord var på denne tida det området i Sogn og Fjordane som hadde størst fråflytting, sjølv om det låg midt i fylket med Førde som knutepunkt. I 1965 vart Førde difor peika ut som vekstsenter, og store ressursar vart sette inn for å byggje ut næringslivet.
Statens Industrivekstanlegg – SIVA – fekk i 1968 hand om industriområdet Øyrane.
Det første store spranget kom likevel ikkje før i 1971, då eigaren Ole Aaserud vedtok å byggje
Ankerløkken Verft Førde på Øyrane, til sterke protestar frå Florø, der Ankerløkken hadde vore sidan 1949. Ankerløkken verft på Øyrane gav arbeid til over 400 personar.
Sentralsjukehuset på Vie med sine ti etasjar sto ferdig i 1979, etter tre års byggjetid.
På 1970-talet vart fleire fylkesdekkjande kulturorganisasjonar plasserte i Førde: Førdehuset, ferdig i 1976, skulle vere kulturell ”storstove” for heile fylket, og elles kom m.a. NRK Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Teater, Fylkeskulturkontoret, Sogn og Fjordane Kunstnarsenter og Fylkesgalleriet.
I løpet av 1970-talet dobla Førde innbyggjartalet til 5.000 personar.
Midt på 1980-talet var industri-områda på Øyrane og Halbrendsøyra på det næraste utbygde. Kommunen regulerte difor to nye industrifelt – det eine på Kronborg ca. 2 km. aust for sentrum, og det andre på Reset, høgt oppe i Halbrendslia.