SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogn og Fjordane - helsestell:

Spedalsksjuka - lepra

Olof Andersson frå Sogndal var ein av dei mange som vart råka av den fryktelege sjukdomen. (Akvarell frå St. Jørgens hospital)
Olof Andersson frå Sogndal var ein av dei mange som vart råka av den fryktelege sjukdomen. (Akvarell frå St. Jørgens hospital)
Lepra – eller spillsykja som den vart kalla på folkemunne – var den store farsotten på Vestlandet fram til bergenslegen Armauer Hansen oppdaga leprabasillen under mikroskopet i 1873, og ein fekk bukt med sjukdomen. Før den tid trudde legane at sjukdomen m.a. skuldast arv.

Publisert 18.09.2001 15:37. Oppdatert 05.11.2004 10:50.
I siste stadium påførte sjukdomen pasientane ufattelege lidingar. (Frå «Atlas colorié de spedalskhet» av Johan Ludvig Losting)
Etter folkeleg tru skulle det å ete rå fisk vere sjukdomsframkallande. Årsaka til denne overtrua om rå fisk skreiv seg frå at sjukdomen var mest utbreidd i fiskeridistrikta vestpå.

Kring 1850 fanst halvparten av alle spedalske i Norge på strekninga mellom Bergen og Møre. I Kinn var det 90 spedalske, og 72 i Askvoll.

I 1857 vart det talt 109 spedalske i Førde prestegjeld: I Førde sokn var det 26 spedalske, i Naustdal 58, og Vevring 25. Med andre ord var 3 % av folket i desse Sunnfjord-bygdene smitta av leprabasillen. I Gaular vart det i 1865 registrert 35 spedalske.

Hang saman med levemåten

Grunnen til at lepraen hadde slik utbreiing i dei kystnære distrikta på Vestlandet mellom Bergen og Møre, hadde truleg samanheng med måten folk budde og levde på her.

Johanna Tollefsdotter frå Jølster. (Akvarell)
Sosiologen Eilert Sundt fortel at folk midt på 1800-talet framleis delte plassen dei små stovene med både gris og høns som gjekk fritt omkring i huset! I Sunnfjord, skriv Sundt, var dei noko meir reinslege enn i Nordfjord: Medan nordfjordingane knapt visste kva ein sopelime og ein badestamp skulle brukast til, så var det vanleg at sunnfjordingane lauga seg ein gong i året før jul - og feia stovegolvet og forgangen for hønseskit og bos eit par gonger i året!
Det var vanleg å koke uvaska og ureinska poteter og usløya fisk i same gryta til middag, fortel Sundt.


I St. Jørgens hospital i Bergen låg dei sjuke i to etasjar med eit fellesrom i midten. (Foto: Arild Nybø © 2003)
På altartavla i hospitalkyrkja er motivet Jesus som helbredar dei leprasjuke. (Foto: Arild Nybø © 2003)

"De levende døde"

For å få bukt med sjukdomen vart det bygt etter måten store leprasjukehus i Bergen - først St. Jørgen Hospital - seinare Lungegården. St. Jørgens Hopsital låg då det vart bygt like ved bygrensa. Institusjonen var meir eit isolat enn eit sjukehus.

Dei som vart sende hit, vart rekna som "de levende døde", og det var vanleg å lese sjelemesse (gravferdsritual) for dei før dei hamna innanfor porten på hospitalet.
Her inne levde pasientane heilt isolert frå verda utanfor. Dei hadde m.a. eigne verkstader og kyrkje.

Medisinhylle på St. Jørgens hospital. (Foto: Arild Nybø © 2003)
Spillsykja kjem under kontroll

Men midt på 1800-talet skjedde det eit gjennombrot i kampen mot spillsykja. Då kom det nye og sterke mikroskop. I 1873 oppdaga Bergens-legen Armauer Hansen årsaka til sjukdomen: Leprabasillen.
Armauer Hansen hadde m.a. studert sjukdomsutviklinga for mange spillsjuke her frå fylket m.a. med opphald i Florø. Han avliva med oppdaginga si mykje gamal overtru om at spillsykja var ein Guds straffedom over syndige menneske. Den var heller ikkje arveleg, slik mange trudde, men smittsam.

Etter at Armauer Hansen hadde oppdaga leprabasillen under mikroskopet, fann ein på kort tid medisinar og kurar mot sjukdomen. Ein sette også i gang opplysningskampanjar for å auke reinsemda, og ikkje minst auka reinsemd og bruk av isolat for dei sjuke slik at dei ikkje auka smittefåren, gav ei radikal betring.

På hospitalet låg leprapasientane to og to på rommet, med eit lite bord mellom sengene. (Foto: Arild Nybø © 2003)

Frå lepra-kamp til tuberkulose-kamp

Innan få år vart sjukesalane på leprasjukehusa i Bergen tømde. St. Jørgens Stiftelse hadde bra med midlar, og såg seg rundt etter nye oppgåver. Og dei mangla ikkje. For av ein eller annan grunn så fekk ein nett på denne tida i siste halvdel av 1800-talet ei enorm oppblomstring av ein ny folkepest - tuberkulosen.
Nett då ein tok til å få kontroll med spillsykja, breidde tuberkulosen seg som ei svart farsott over heile landet. Sjukdomen spreidde mykje sorg og tragedie, fordi den helst råka barn og ungdom. Kring 1900 var tuberkulosen skuld i nærpå fjerdeparten av alle dødsfalla i Noreg, og halvparten av dei døde var mellom 15 og 40 år. Ofte vart heile huslydar utrydda av tuberkulosen - eller tæringa - som den vart kalla fordi den åt opp vevet - spesielt i lungene.

Etter kvart vart Lyster Sanatorium bygt. Les meir om kampen mot tuberkulosen under Harastølen.




MEIR OM NAUSTDAL 
Naustdal kommune

 
Aviser og media i Naustdal
Historia i Naustdal
Industri og næring i Naustdal
Kjende personar i Naustdal
Kommunehistoria i Naustdal
Krigshistoria i Naustdal
Kyrkjer i Naustdal
Samferdsle i Naustdal
Skular i Naustdal
Verd å sjå i Naustdal

 
Video frå Naustdal
Lyd frå Naustdal
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no