SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Luster:

Helsestellet i Luster

Jordmor på heimebesøk i Veitastrond. (Foto: Asle Veien, NRK)
Jordmor på heimebesøk i Veitastrond. (Foto: Asle Veien, NRK)

Svartedauden la bygdene aude i Luster

Fleire bygder vart lagt øyde under svartedauden, og frå denne tida stammar dei fleste "øydegardsnamn".

Publisert 20.10.2003 15:44. Oppdatert 18.04.2006 12:10.
Til Lustra-bygdene kom pesten hausten 1349, og her som elles reknar ein med at kring to tredeler av folket døydde ut.

Signeri og gamle lækjeråder

I 1663 vart Guri Ellingsdotter i Jostedalen tiltala for "signeri".

Bygdedokterar og kvakksalvarar i Luster

Før legetenesta vart skikkeleg utbygd med distriktslegar, måtte sjuke ofte ty til sjølvlærde bygdedokterar når dei skulle ha hjelp.

Hudkremproduksjon i Luster

Bonde Hans Bringe (1864-1941) tok kring 1900 til å lage ein spesiell hudkrem etter eiga oppskrift. Hovudingrediensane var harpiks og sprit, og produktet vart marknadsført under merket "Jotun hudsmurning".

Framlegg om lasarett på Flahamar

I Sogndal vart det bygt eit slags sjukehus i 1819. I 1838 drøfta fylkestinget nedlegging. Eit av framlegga til ny sjukehusstad kom frå Torgeir Nes i Luster, som gjorde framlegg om å byggje eit "lasarett" på Flahamar.

Eigen distriktslege i 1875

I 1875 vart Indre Sogn legedistrikt delt, og bygdene som no utgjer storkommunen Luster fekk eigen distriktslege. Distriktslegen fekk kontor i Marifjøra.

Hafslo Gamleheim slik han såg ut på 1940-talet

Gamleheimen i Hafslo bygd av gåver

Hafslo Gamleheim vart bygd i 1939, men alt i åra kring 1914 hadde utvandra hafslobygger i Minneapolis og Butterfield samla inn store pengesummar til gamleheim i heimbygda.



Lyster Sanatorium - Harastølen

I fjellsida over Luster ruvar eit digert, gamalt mursteinsbygg. Hadde det vore i Mellom-Europa, kunne ein tru det var eit gamal borg eller eit alpehotell som klora seg fast der oppe. Men dette var ein gong eit av dei største spesialsjukehusa i landet - Lyster Sanatorium.

Strid om dei psykiatriske tenestene

På 1980-talet vart det konfliktar mellom grannekommunane Sogndal og Luster om lokalisering av dei psykiatriske behandlingstilboda i indre Sogn.

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ
LENKER
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no