Sitjenot-fisket gav godt utbyte – særleg for dei som åtte dei beste lakseverpa i Gryta og i elveosen på Nausta. Begge stader måtte eigarane betale såkalla lakseskatt, og frå 1840 til kring 1900 vart lakseverpet på Gryta leigd ut til strilar.
Jakob T. Grytten bygde ishus for å ta imot laks, og i Naustdal var det Albert Eriksson Naustdal som bygde ishus og tok imot laks som vart send vidare til Giertsen & co. i Bergen.
|
Øvste del av laksetrappa i Hovefossen. her er det også ein automatisk lakseteljar. |
Både under Naustdalsfossen og i Hovefossen vart det brukt garn. Ein gong fekk landhandlar Friis 54 laksar i eitt kast.
Elveeigarlag vart skipa
For å kunne organisere fisket og drive praktiske forvaltnings- og kultiveringstiltak i Jølstra, vart det skipa elveeigarlag i Naustdal på 1870-talet. På same tid vart det skipa liknande lag i Gaular og i Førde.
Konfliktar mellom sjø- og elvefiske
Dei første reguleringslovene for laksefisket i sjøen kom alt i 1850, og i 1868 var den første fiskeriinspektøren på plass i fylket for å føre tilsyn med laksefisket i elv og sjø.
Då den nye Lakselova frå 1891 innførte helgefreding med not i sjøen, starta bråket: I 1892 samlast 2000 sjølaksefiskarar frå heile Vestlandet seg i Bergen og skipa Vestlandske Laxefiskerforening, og langs heile kysten vart det samstundes skipa lokallag. Det var stor harme mellom sjølaksefiskarane fordi helgefredinga berre galdt sjøfisket, og ikkje laksefisket i elvane. Langs Førdefjorden, som elles på Vestlandet, var det sterke interessekonfliktar mellom sjølaksefiskarane og elveeigarane. I 1875 var det registrert i alt 25 kilenøter og lakseverpe langs den smale Førdefjorden. Desse måtte laksen kome seg heilskinna framom før den nådde elvemunningen på Jølstra eller Nausta.
Lakselordane kjem
Den første som truleg dreiv sportsfiske i Nausta var professor og forfattar
Jens Andreas Friis frå Førde. I 1892 leigde ein engelskmann for første gong fiskeretten i Nausta. I 1894 teikna bergensaren Johan Gran leigeavtale for Nausta for 15 år, til ein pris på 800 kroner året. Gran og ein annan bergensar, Thorvald Beyer (sjå artikkelen:
Laksefisket i Jølstra ), gjorde frå 1890-talet og utover stor forretning ved leige av lakseeelvar og vidareutleige. Gran for sin del kontrollerte laksefisket i m.a. Gloppen, Eid, Årdal og store delar av Lærdalselvi.
Laksetrapper
I 1897 bygde Johan Gran laksetrapp i den nedste fossen i elva, Naustdalsfossen. Seinare vart det også bygd laksetrapp i Hovefossen. Fordi det var få fiskarar i elva, vart det t.d. berre fiska omlag 100 kg laks årleg på 1890-talet.
I 1899 kjøpte Henrik Gundersen eit to-etasjers hus i Bergen og flytta det til Naustdal. Huset fekk 12 utleigerom, og vart kalla ”Hotellet”. Her budde laksefiskarane. Huset vart rive i 1970.
Lakseelva Nausta har i dei siste tiåra vorte kjend som ei av landets beste smålakseelvar. Men også storlaksen finn vegen opp stryka: Kring 1950 tok Trygve Kleiva ein laks på 23,5 kilo i Vegahølen.