SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsle i Fjaler:

Ferdsla på fjorden i Fjaler

D/S
D/S "Gudvangen" ved dampskipskaia i Dale tidleg på 1900-talet. (Foto © Fylkesarkivet)
Frå 1600-talet var det skysskifte i Korssund, der det var gjestgiveri og handelsstad.

Publisert 02.09.2002 13:36. Oppdatert 25.01.2007 08:47.
Frå kaia på Tross rodde folk frå skysstasjonen dei reisande inn Dalsfjorden til Sveen. (Foto: NRK)
Garden Lutentun høyrde også til Korssund, og her budde skysskaffaren. Også på Tross i Dale var det skysstasjon med roar som frakta folk inn Dalsfjorden til Sveen i Bygstad som ein lekk i Den Trondhjemske Postvei (sjå: Gamle ferdslevegar i Fjaler).


STOPPESTADER:

Dalevart fast stoppestad for Fylkesbaatane alt på den første Sunnfjord-ruta til selskapet i 1859. I 1880-åra var A. Vonen ekspeditør, i 1909 overtok Ola Hovland og seinare Andreas J. Dale (sjå: Forretningsfamiliane Hope, Solheim og Dale).
Dampskipskaia i Dale. (Foto: A. Nybø, NRK)

Straumsnes

fekk rutestopp i 1862.

Korssund

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1877.

Leitet/Fagervik

fekk rutestopp i 1893.

Flekke

fekk rutestopp i 1893.

Grytøyra og Hellevik

fekk rutestopp i 1895.

Gjølanger

fekk rutestopp i 1900.

FERJESAMBAND:

Ferjesambandet Fure-Askvoll-Atløy

vart opna i 1973, etter at ferga i eit par år berre hadde trafikkert mellom Askvoll og Atløy.
Ein kombinert buss/godsbil frå Firda Billag køyrer i land frå "Varden", som var ferje på Dalsfjorden på 1950-talet. Foto frå biletsamlinga til Firda Sjåførforening

Ferja Dale-Bygstad-Eikenes

Ferjekaien i Dale. Det er M/S "Florøy" som går ruta Dale-Eikenes i 2002. (Foto: A. Nybø, NRK)
I 1936 starta Jonas Haugland ei bilførande båtrute med motorbåten "Fagervik" på Dalsfjorden mellom Eikenes-Dale-Bygstad. Med eit påbygd "bildekk" kunne båten frakte inntil fire bilar på tvers av dekk. Ruta gjekk seinare som heilårsrute i regi av Fylkesbaatane heilt fram til vegen Osen-Dale vart opna i 1958.

Privat lasterute Dalsfjorden-Bergen

Etter den store hamnestreiken i 1921, leigde Fylkesbaatane ei mengd private frakteskuter for å halde oppe vareforsyninga mellom Bergen og Sogn og Fjordane. Då streiken var slutt, heldt mange av desse privatrutene fram. Ei av desse var ruta som Johan J. Valvik dreiv mellom Dalsfjorden og Bergen. Frå 1922 til 1952 dreiv han Dalsfjordruta med båtane "Møgsterfjord" og seinare "Dalsfjord" - ei kombinert passasjer- og varerute. Etter at Dalsfjordruta vart lagt ned, gjekk "Dalsfjord" i rute på Førdefjorden fram til 1968.
M/S Dalsfjord. Foto utlånt av Bjørn Valvik

MEIR OM FJALER 
Fjaler kommune

 
Aviser og media i Fjaler
Historia i Fjaler
Industri og næring i Fjaler
Kjende personar i Fjaler
Kommunehistoria i Fjaler
Krigshistoria i Fjaler
Kyrkjer i Fjaler
Samferdsle i Fjaler
Skular i Fjaler
Verd å sjå i Fjaler

 
Video frå Fjaler
Lyd frå Fjaler
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no