SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Sogndal:

Turistbygda Fjærland

Fjærlandsfjorden og Bøyaøyri. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
Fjærlandsfjorden og Bøyaøyri. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)
Heilt frå dei første utanlandske turistane tok til å strøyme til dei vestlandske fjordane midt på 1800-talet, har Fjærland med sine svimlande fjell og mektige brearmar vore eit viktig reisemål.

Publisert 15.04.2003 12:20. Oppdatert 12.06.2003 19:21.
Ingen andre stader på Vestlandet strekte brearmane seg så langt ned til fjorden som Supphellebreen og Bøyabreen i Fjærland. - Bygda vart forresten i gamalnorsk tid kalla "Fjordland".

Den første brekryssinga

Austedalsbreen i Luster med Mikkel Mundal og William Cecil Slingsby i det fjerne.
Dei første turistane som kom til bygda, vart rodde i land frå dampbåten til Stølaholmen på austsida av elvedeltaet. Bøndene i bygda fekk kjærkomne ekstrainntekter med skyssing av turistane opp under brefronten. Andre utnytta kunnskapane sin om fjell og bre ved å verte breførarar. Den første var Mikkel Mundal, som saman med den kjende britiske fjellklatraren William Cecil Slingsby gjorde den første "turistkryssinga" av Jostedalsbreen frå Fjærland til Jølster tidleg på 1880-talet.

Mundal hotell. (Foto: NRK)

Hotell i 1891

Mikkel var elles handelsmann ved dampskipskaia i Mundal, og i 1891 bygde han saman med andre slektningar Mundal hotell. Hotellet står framleis nokolunde slik som det gjorde kring 1900 både innvendes og utvendes i fasaden mot fjorden.
I 1935 bygde Jon Mundal Fjærland Pensjonat ved sjøkanten i Mundal, og seinare er det bygt fleire campingplassar i bygda.

Mikkel Mundal. (Foto © Fylkesarkivet)

Flytande hotell

I mange år var Fjærland ein viktig stopp for turistskipa - det som i dampdrifta si tid gjerne vart kalla "flytande hotell". Turistskipstrafikken til Noreg starta med britiske "Midnight Sun" i 1894. Seinare var det særleg turistskip frå Nederland og England som hadde Fjærland som fast stopp på Noregs-ferda. I året 1929 vitja heile 20 flytande hotell Fjærland.

Eige skysslag

Då dei flytande hotella kom med hundrevis av passasjerar kravde det ei fastare organisering av hesteskyssen opp til breen. Bøndene gjekk saman i skiping av Fjærland Skydslag i 1889. Laget kunne stille opptil 70 vogner på same tid. Laget hadde ansvaret for å halde vegane opp til breen ved like.

Starta billag

Mundal hotell kjøpte også ein staseleg Cadillac som hotellbil, og saman med skysslaget skipa hotelleigarane Fjærland Billag i 1926. Men den populære skyssinga med hest gjekk parallelt med bilskyssen heilt fram til 2. verdskrig.
Det vesle billaget var i drift som eige lag til 1984, då det gjekk inn i Firda Billag. To år etter opna Fjærlandstunnelen mot Sunnfjord.

Keisar Wilhelm II.

Keisar Wilhelm II og Balestrand

Keisar Wilhelm II fekk sansen for Vestlandsfjordane, og drog med det andre kongelege etter seg - også til Fjærland. Sjølv vitja keisaren Balestrand og Fjærland årvisst heilt fram til første verdskrig i 1914, og arrangerte gjerne isras frå Jostedalsbreen ved å sende matrosar opp i fjellet for å bryte laus isblokker!

Spionar med attentatplanar mot keisaren

Det var ufred i Europa - særleg på Balkan - i dei første tiåra av 1900-talet. Vaktene kring keisaren ottast ofte for tryggleiken hans når han ferdast i Sogn. Og kan hende hadde dei ein grunn til det? Ei dramatisk hending i 1911, då ein fann tre utlendingar skotne på eit hotellrom på Leikanger, vekte oppstyr i verdspressa og vart sett i samband med ei vitjing av keiser Wilhelm II i Fjærland dagen før.

Konge- og keisarvitjingar i Fjærland

Ein av dei mest spektakulære visittane var nok då maharinaen av Baroda i India vitja Fjærland med eigen yacht.

Turismen skapte vevtradisjon

Detalj av "Supphelle-breen" måla av Hans Fredrik Gude. (© Blomqvist)
Den styrtrike indiske kvinna var ikkje den einaste som kjøpte vakker husflid i bygda.

Kunstnarane vitja Fjærland

Fjærlands-naturen lokka ei mengd kjende biletkunstnarar til bygda.

Breførarar og brehytte

Fjærland har fostra mange dyktige breførarar.

Bremuséet. (Foto: NRK)

Norsk Bremuseum

Norsk Bremuseum i Fjærland har vorte ein av dei største turistattraksjonane i Sogn og Fjordane.

Brevasshytta

Like under Bøyabreen er det bygt ei turisthytte som heiter Brevasshytta. Denne vart monaleg utvida etter at Fjærlandstunnelen opna i 1986, og har m.a. panaromavindauge opp mot brefallet.

Samferdsla i Fjærland

Fram til 1994 vart Fjærlandsfjorden trafikkert av ferje mellom Mundal og Hella. Opninga av tunnelsamband gjennom Bergetunnelen og Frudalstunnelen mot Sogndal i 1994 gav ein ny framskuv for Fjærland som ei moderne turistbygd. Fylkesbaatane og andre selskap har i turistsesongen drive båtruter mellom Fjærland og Gudvangen.

Utandørs sjølvbetjening i bokbyen. (Foto: A. Nybø)

Den norske Bokbyen

I 1995 fekk Fjærland ein ny turistmagnet: Den norske Bokbyen med kring 200.000 bøker for sal.

Gardingane ved Fjærlandsfjorden

I Fjærland har folk i Fjærland ei eiga nemning for folk som bur på dei einbølte gardane ut etter den 27 kilometer lange Fjærlandsfjorden.

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no