Den fullt ut statseigde aluminiumsprodusenten ÅSV søkte om konsesjon på Fortun/Grandfasta i 1953 for å sikre nok kraft til planlagde utvidingar av Årdal Verk.
|
Brakkeby og trallebane er bygd i 1956. Foto utlånt av Fortun kraftverk |
Anleggsarbeidet starta i 1956. Dette var ein dryg tjuvstart, for den første konsesjonen vart ikkje vedteken av Stortinget før i 1957. Men dette fortel mykje om korleis eit sjølvsikkert og stort statseigd konsern kunne te seg i gjenreisingstida like etter 2. verdskrig, då planøkonomar såg vasskrafta som nøkkelen til auka valutainntekter frå eksportretta, kraftkrevjande industri.
|
Improvisert røyrtransport. Den eine lastebilen måtte rygge frå Skjolden til fortun. Foto utlånt av Fortun kraftverk |
700 anleggsarbeidarar
Fortun-anlegget gjekk i to byggesteg: Det første med ein produksjon på 443 GWh i året.
Den andre konsesjonen vart gjeven i 1960 for utbygging av dei øvre falla i Grandfasta.
|
Hovudentreprenøren for Fortun-utbygginga leigde Drægni-huset i Skjolden som hovudkontor. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003) |
Hovudentreprenøren leigde Drægni-huset i Skjolden som hovudkontor. I Fortun vart bygda nærmast endevend av brakker og lagerplassar. I fjellet vart det bygt store brakkeleirar for over fleire hundre mann, og lastebileiagarane i Indre Sogn fekk hovudoppdraget med massetransport. På det meste arbeidde det over 700 mann på anlegget. Utbygginga av andre byggesteg var fullført i 1962.
Tredje utbyggingssteg
Tredje utbygginga i Fortun kom i 1976, då det vart gjeve konsesjon for overføring av ein del av Fardalsvassdraget i Årdal til Fortun. I alt er det bygt 90 kilometer vasstunnelar og røyrgater i Fortun.
Både røyrgater og kraftstasjonar vart i 2001 pussa opp for 250 millionar kroner. Fortun-anlegga produserer 1,4 TWh i året.
Staten eigde Fortun-anlegga fram til 1996, då Hydro kjøpte heile stasen for 540 millionar kroner. Ved aluminiumsverka i Årdal kan denne krafta frå Fortun produsere 100.000 tonn aluminium i året.