|
Hafsloteppet vart vove tidleg på 1600-talet, og er utstilt ved Bergen Museum. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Det er sjeldan å finne restar etter tekstilar og vevnad frå mellomalderen, men frå tre av kyrkjene i Luster kommune har ein relativt godt bevarte kyrkjetekstilar frå denne perioden. Det gjeld "Hafslo-teppet", "Heiberg-teppet" frå Gaupne og eindel tekstilrestar som er funne i Urnes stavkyrkje.
Heiberg-teppet frå Gaupne
Dette teppet kjem frå
Gaupne gamle kyrkje og har namnet sitt frå museumsbyggjaren
Gert Falch Heiberg som fann det under altarduken i den gamle kyrkja i byrjinga av 1900-talet.
Teppet er eit av ti kjende teppe her i landet frå siste del mellomalderen.
Mønster og teknikk peikar mot opphav i italiensk eller fransk tradisjon. Heiberg-teppet har sidan vore oppbevart på Kunstindustrimuseet i Oslo.
|
Første delen av Hafsloteppet. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Hafslo-teppet - Noregs eldste broderi?
|
Nærbilete av detalj i Hafslo-teppet. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Ein av dei mest interessante skattane i Bergen Museum er det vidgjetne, broderte veggteppet frå Hafslo. Teppet skriv seg frå 1500-1600-talet og måler 288 x 50 centimeter. Men teppet har truleg vore lengre.
Motivet framstiller seks scener frå Kristi fødsel og barndom, og teppet er i svært god stand.
Botnen i teppet er hampestoff, og motiva er broderte på medfarga ullgarn og kvit lintråd.
Teppet kan vere laga av nonner i Bergen, men ser ut til å røter attende til persiske område og Orienten i tusenåret før Kristus.
Seinare er nokre initialar og årstalet 1656 broderte inn i teppet. To av biletfelta er kopierte og heng i Hafslo kyrkje.
|
Dei tre siste motiva i Hafsloteppet. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Tekstilrestar i Urnes stavkyrkje
Også i
Urnes stavkyrkje var det funne restar etter tekstilar under kyrkjegolvet då kyrkja vart restaurert på byrjinga av 1900-talet. Motiva på teppet kan ha vore fuglar med krumma hals og sprikande vengjer.
Registering av gamal vevkunst
I 1998 starta Husflidslaget for Luster eit stor registrering av gamal teppevev. Helga Skjolden frå Luster, Magnhild Finstad frå Hafslo og Sigbjørg Sperle frå Jostedalen gjorde eit stort arbeid i samband med registeringa.