SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Gloppen:

Høvding- og futegarden Eide

Grava til høvdingen på Eide. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
Grava til høvdingen på Eide. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
Eide har frå førhistorisk tid vore ein av storgardane i Nordfjord.

Publisert 26.02.2002 10:41. Oppdatert 11.01.2006 09:48.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Slik ser kunstnaren S. Magnus føre seg Eidehøvdingen.
Kring 475 e. Kr. vart høvdingen på Eide lagd i haug. Han var kledd i raude stasklær og med gullbelagd sverd og anna overdådig utstyr. Funnet av ”Eidehøvdingen” på Ulvesbakken i 1889 er eitt av dei mest verdfulle i Noreg frå eldre jernalder.

I 2000 vart gardstunet til ”Eidehøvdingen” grave ut i Mona. Hovudbygget målte 43 x 8 meter og hadde 20 søylepunkt og seks gruer. Huset hadde truleg fem inngangar. Fjøsen låg parallelt med hovudhuset og målte 24 x 7 meter. I 2005 er det planar om å rekonstruere garden til ”Eidehøvdingen”.

I mellomalderen hadde storfolket på Eide eige privatkapell på garden – såkalla høgendes-kyrkje (tilsvarande hadde Stårheimsætta). Riddaren Peter Bonde ”a Eidi” heldt truleg til her.

Frå midten av 1500-talet til 1609 var Eide futegard for Nordfjord. Futen hadde tidlegare hatt tilhald på Maurstad. Den fjerde av ”Eide-futane” var Christen Søfrenson Wittrup, som vart gift med Anne Abelsdotter, også kalla ”Blodbøtta”.

Frå Eide flytta futen i 1609 til Ytre Davik, som låg meir sentralt i Nordfjord den tida båten var framkomstmiddelet.

At Eide-garden seinare var ein attraktiv eigedom, ser ein av dei mange embetsfolka som sidan åtte garden: Vibdorph, Wittrup, Balchen, Bugge, Heiberg m.fl.

På Eide-garden er det store sand- og grusforekomstar, som på 1970-talet vart planlagt som ”råstoff” til betongplattformer (sjå "Gloppen i oljefeber"). Seinare har m.a. Vegstellet og Gloppen Sementsteinfabrikk henta sand her, og A/S Veidekke driv produksjon av ferdigbetong.

Jøtlemannen ved Eide

I hamrane ovanfor E 39 på Eide står ei sju meters steinhelle oppstødd mot eit berg. Etter segna skal dette vere ein jøtul (troll), som låg ute og sov medan han gjette dyra sine. Om morgonen vakna jøtulen seint, men sette på sprang mot hola si for å berge seg unna solstrålane. Men han vart for sein, og då sola skein på han, vart han til stein. Sidan har steinen vorte kalla ”Jøltemannen”. No er det laga sti opp til Jøtlemannen frå turistskiltet ved europavegen.

MEIR OM GLOPPEN 
Gloppen kommune

 
Aviser og media i Gloppen
Historia i Gloppen
Industri og næring i Gloppen
Kjende personar i Gloppen
Kommunehistoria i Gloppen
Krigshistoria i Gloppen
Kyrkjer i Gloppen
Samferdsle i Gloppen
Skular i Gloppen
Verd å sjå i Gloppen

 
Lyd frå Gloppen
Video frå Gloppen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no