SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Gulen:

Ulukker i Gulen

Brudlaupsferd frå Asheim til kyrkja i Brekke i 1922. Ofte gjekk det gale med båtar på veg og til kyrkje. I dette tilfellet gjekk det bra. (Foto © Fylkesarkivet)
Brudlaupsferd frå Asheim til kyrkja i Brekke i 1922. Ofte gjekk det gale med båtar på veg og til kyrkje. I dette tilfellet gjekk det bra. (Foto © Fylkesarkivet)
I kystkommunen Gulen er drukningsulukkene med ein omkomen tallause. Bygdebøkene fortel at mest kvart hus i ytre Gulen har folk som har kome bort på sjøen. Men i Gulen har det også vore fleire store ulukker der kyrkjebåtar har forlist. Oversynet nedanfor tek berre med ulukker med fleire omkomne, og ulukker under særskilde omstende.

Publisert 18.10.2002 15:22. Oppdatert 06.01.2004 09:36.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Presteskyssen havarerte

I 1653 kollsigla presteskyssen frå Eivindvik. Tre rorskarar kom bort, medan presten Størk Thommæsøn berga seg etter tre døgn på båtkvelvet.

Ras på Krossvoll

Garden Krossvoll i Austgulen har fleire gonger vorte råka av ras.

I 1659

brann alle husa i tunet på garden Ytre Oppedal ned, og bøndene mista husdyr og elles alt dei eigde.

I 1664

og 1681 gjorde elva i Instefjord stor skade på gardane og gardstunet. Truleg omkom to kvinner og ein mann under den siste flaumen i 1681.

I 1689

brann alle husa på to bruk på øya Grima ned til grunnen.

I 1690

gjorde ei flaumelv stor skade og braut seg nye far på gardane Engesæter og Tynning i Brekke.

I 1718

miste ein person livet då alle seks husa på klokkargarden på Klokkeide brann ned til grunnen. Huslyden som talde seks born, fekk hjelp til å byggje opp att garden m.a. frå bøsseinnsamlingar i kyrkjer i Bergen.

I 1725

omkom ei mor og fleire born i ein brann på garden Lund ved Eidsfjorden. Seks hus strauk også med.

I 1739

brann alle husa til tre gardbrukarar på Byrknes ned til grunnen. Same tunet vart råka av ein ny storbrann i 1763.

I 1733

omkom eit ektepar i Instefjord ved ei ulukke - ukjend årsak.

Pesten tok 11 liv i eitt tun

Epidemiar kunne i gamle dagar nærmast leggje heile gardstun øyde - sjå: Helsestellet i Gulen.

I 1760

gjekk to brør på Hantveit i Austgulen gjennom isen på eit vatn og drukna.

To dåpsfylgje drukna same år

I februar 1763 drukna fem menneske på veg til dåp, og seinare på året ni menneske i eit følgje med dåpsborn.

I 1766

vart ein 14 år gamal gjetargut skoten ved eit ulukkeshende på garden Klokkeide.

I 1777

vart dei fleste husa hos tre gardbrukarar på Vatsøy totalskadde av brann.

I 1789

drukna fire mann frå Byrknes i eit forlis.

I 1797

drukna fire mann frå Byrknes i eit forlis.

I april 1799

drukna to postførarar frå Lindås i Steinevatnet under arbeid med å frakte posten mellom Bergen og Trondheim.

I 1800

drukna to menn frå Byrknes.

I 1800

døydde mellom 12 og 15 menneske kring Byrknes av ein epidemi. Dei fleste var born. Sjå: Helsestellet i Gulen.

I 1802

omkom to unge brør frå Store Kvernøy i ei ulukke - ukjende omstende.

Berga tre i redningsdåd

- i 1805 og 1807.

I 1807

vart far og son på garden Sveberg ved Gulafjorden drepne i ei ulukke, ukjend årsak.

Skyssbåt kollsigla

I 1809 drukna fire menn frå Tynning, Instefjord og Oppedal på Sognefjorden. To av dei var rorskarar for dei andre, og ulukka bar til under ei reise over fjorden til Lavik, der to av passasjerane skulle møte til militær sesjon.

I 1811

drukna to kvinner frå Litle Kvernøy.

I 1815

drukna tre menn frå Fallebø og Brosvik på Sognesjøen.

I 1816

døydde fem personar - eit ektepar, to drengar og ei tenestejente på garden Fivelsdal samstundes. Det er uklårt om dei omkom i ei ulukke eller om dei døydde av ein epidemi, men mest truleg var dei ei ulukke under arbeid, for borna på garden overlevde.

22 kom bort i orkan

Den 11. mars 1822 miste til saman 22 fiskarar frå Gulen og Solund livet i ein orkan. 14 av dei kom frå Gulen, og 8 frå den sørlege delen av Solund kommune.

I 1823

drukna tre menn frå øya Bårøy.

I 1826

drukna to menn frå gardane Straume på Hisarøy.

I 1843

brann ein mann inne på husmannsplassen Bashaugen ved Høyvik i Eidsfjorden.

I 1843

drukna fire menn frå Byrknes i Fensfjorden sør for Bremnes. Dei var på veg heim frå julehandel i Bergen.

I 1847

drukna far og son frå ein husmannsplass på Klokkeide.

I 1849

drukna far og son frå garden Sætenes ved Brandangersundet.

I juni 1850

drukna to kvinner og tre menn frå Brekke i Sognefjorden.

I 1854

drukna to menn frå Ytre Takle i Sognefjorden.

I 1855

drukna to menn frå Berge og Lund i Oldevika.

I 1855

drukna to menn frå Byrknes.

I 1856

drukna to menn frå Byrknes ved Keipenesosen.

I 1857

drukna to menn frå Byrknes.

I 1859

drukna tre menn frå Brandanger og Sellevåg på fiske.

I 1859

drukna ein far og son frå Byrknes i same ulukka.

I 1860

drukna ei kvinne frå Hauge i Austgulen og ein mann frå Merkesdal i Eidsfjorden.

I 1862

drukna husbonden og drengen på garden Grimstad på Hisarøy.

Dåpsfylgje på ni drukna

Ni menneske drukna ved Storholmen på veg til barnedåp.

I 1864

drukna ein mann frå Kjellevoll ved den same Storholmen (sjå ovanfor) då ein føringsbåt med hestar ombord kantra.

I 1865

drukna to menn frå Byrknes.

Kyrkjefylgje drukna

I 1873 drukna to kvinner og fem menn ved Haukøy på kyrkjeveg til Eivindvik. Mellom desse var kjøpmann Wilhelm Schreuder frå Skjerjehamn og ei dotter. Sonen Otto Schreuder, som skulle konfirmerast denne dagen, berga seg på båtkvelvet.

I 1883

miste eit ektepar frå Kversøy livet under hummarfiske.

I 1893

drukna far og dotter frå Brosvik på Sognefjorden.

I 1903

omkom to systre på 10 og 13 år frå Merkesdal då dei gjekk gjennom isen på vatnet like ved og drukna.

I 1906

drukna to menn frå Neverdal og Brandsdal då båten vart kasta rundt i eit stormver på Gulafjordane.

I 1909

omkom ein bonde i Brekke då han fekk eit stort vedlass over seg.

I 1915

omkom båtsmann Ole Stien (Takle) f. 1874 i Eivindvik, då Fylkesbaatanes D/S "Hornelen" forliste ved Svanøy - sjå: Samferdsle i Flora.

I 1918

omkom to kvinner frå garden Storenes ved Brandangersundet då rutebåten "Masfjord" grunnstøytte og sokk. Dei kom seg ikkje ut av kahytta forut før båten sokk.

I 1924

omkom ein 5 år gamal gut frå Midtun i ei akeulukke.

I 1927

drukna to menn frå gardane Navdal og Dingen då dei var på veg heim frå Småvågane.

I 1930

omkom ein mann frå Sandalsnes i eit ras i eit grustak på heimegarden.

I 1938

omkom to unge brør frå Nyhop ved Brandangersundet på veg til julefest i Fivelsdal. Dei skulle også tenne ei fyrlykt på veg til Fivelsdal då dei kom bort.

1940-1945 sjå:
· Krigshistoria i Gulen



I 1946

drukna tre menn frå Byrknes, derav far og son. Dei var ute på ei øy for å hente torv. Det var godver, men båten forsvant sporlaust ved kystleia. Folk hadde mistanke om at ulukkesbåten var rend i senk av eit skip.

I februar 1946

forliste sildesnurparen "Lindøy" frå Austevoll vest for Kversøy i Gulen og 20 menn omkom. Mellom dei omkomne var ein mann frå Byrknes og ein frå Solund.

I 1955

gjekk eit stort stein- og jordras og øydela mykje av garden og husa til Johannes Nygard i Neverdal. Det var fåre for nye ras, og garden og grannetuna til Bernt Martinusson Neverdal og Peder Neverdal vart fråflytta.

Vinteren 1979

forliste fraktebåten "Austri" ved Fiskholmen. Fire mann omkom og fire vart berga av bygdefolket på øyane. Som takk for hjelpa, fekk øyfolket ei
Sea Cat-ulukka førte til to dødsfall og 100 skadde. (Foto: Asle Veien, NRK)
kyrkjeklokke til kapellet på Byrknes.

I 1990

omkom tre unge gutar frå Sandøy i Brandangersundet då dei kantra i ein jolle på veg frå Sandøy til Sløvåg.

Sea Cat-ulukka

Ei av dei største ulukkene med norske hurtigbåtar til då hende ved Mjømna den 4. november 1991.

Containerskip på grunn

I januar 1993 gjekk containerskipet Scan Lifter på grunn ved øya Røytinga. Skipet var på veg frå Bergen då det fekk maskinstopp og
Scan Lifter gjekk på grunn i storm. (Foto: Asle Veien, NRK)
dreiv på grunn. Mannskapet på åtte vart berga, men 55 tonn dieselolje rann ut i sjøen. Det gjekk meir enn tre år før vraket vart fjerna frå øya.

I påska 1994

omkom ein familie på fire personar då bilen deira kolliderte med eit vogntog i vegkrysset i Instefjord. Familien var på veg til slektningar i Solund då ulukka hende.

I januar 1996

omkom ein vegarbeidar medan han var i ferd med å rydde vegen Instefjord-Brekke etter eit snøras. Han og maskinen vart råka av eit nytt ras og feia på fjorden.

Sjå også:
· Nedbørsrekordar og naturskade


MEIR OM GULEN 
Gulen kommune

 
Aviser og media i Gulen
Historia i Gulen
Industri og næring i Gulen
Kjende personar i Gulen
Kommunehistoria i Gulen
Krigshistoria i Gulen
Kyrkjer i Gulen
Samferdsle i Gulen
Skular i Gulen
Verd å sjå i Gulen

 
Lyd frå Gulen
Video frå Gulen
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no