Oversynet nedanfor tek berre med ulukker med fleire omkomne, eller ulukker under særskilde omstende:
Det kalde verlaget i Noreg på 1600- og 1700-talet vert kalla "Den vesle istida". Hungersnaud og epidemiar herja i Noreg, og tusenvis av menneske i Finland svalt i hel.
I desse åra voks armane på Jostedalsbreen langt fram gjennom dalane, og øydela både jordbruksland og hus ved Nigardsbreen og i Krundalen. Det gjorde den og på vestsida i Nordfjord - sjå:
Jostedalsbreen - ein lunefull granne.
1600-talet
På 1600-talet skal både folk og husdyr på garden Åsen i Kinsedal vorte drepne av eit stort snøskred.
1649
I 1649 drukna to unge gutar utanfor Solvorn då båten deira vart kvelva av uventa kastevindar.
1674
I 1674 vart eit ektepar på garden Sande på austsida av Lustrafjorden drepne då garden og tunet vart rasert av eit steinskred. Denne garden vart også heimsøkt av steinskred som gjorde mykje skade både i 1685 og 1686.
1693
I 1693 vart dei fleste husa på garden Alme på austsida av Lustrafjorden tekne av steinskred og flaum. Kona på garden vart drepen og mannen svært hardt skadd.
Same uvêrsvinteren var Jostedalen isolert i lengre tid. Jostedalselva fløymde opp og tok nytt fár i Gaupne.
1712
I 1712 brann alle hus i klyngetunet på Ornes ned til grunnen etter at ei sinnsforvirra kvinne hadde sett elden på. Berre stavkyrkja og eit uthus sto att, og folk måtte søkje husrom i kyrkja. Dei skadelidne bad om å sleppe skatt, men presten sette seg imot. Ornesingane anka til kongen i København, men vann ikkje fram.
1741
I 1741 fekk svært mange gardsbruk langs Jostedalselva øydelagt den dyrka marka si av ein elveflaum.
1761
I 1761 vart eit gardstun på Heggestad i Veitastrond rasert av eit digert snøskred som låg 6 alner over husa då det heile var over. Dei fleste husdyra strauk med, og tunet måtte flyttast til fonnsikker stad.
1768
I 1768 omkom ei gardkone og ein dreng på garden Espe i Jostedal i eit snøskred. Skredet sopa med seg 14 hus på garden og drap alle husdyra.
1776
I 1776 omkom ein mann frå Bolstad i Skjolden i uvêr på Sognefjellet.
1777
I 1777 vart ein mann frå Ornes drepen av ein stein som losna frå fjellet. Mannen var kjend for sine veldige krefter: Då han såg steinen kome, freista han å stoppe steinen med å setje ein staur i jorda og halde imot. Men steinen let seg ikkje stoppe, rulla over kraftkaren og drap han.
1784
I 1784 vart ei kvinne og to menn frå Berge i Fortun drepne av steinskred.
1801
I 1801 omkom to menneske på ein gard ved Lyselvi (?) då dei vart tekne av eit snøskred.
1814
I 1814 omkom ein gut frå Yngsdalen sør for Veitastrandvatnet i eit steinskred.
1836
I 1836 miste eit ektepar på garden Stubbøy ( ?) livet då garden vart råka av eit snøskred.
1838
I 1838 omkom to personar då dei vart tekne av eit snøskred ved Øvre Fåberg i Jostedalen.
1840
I 1840 vart ein mann frå Luster drepen av eit steinskred.
1850
I 1850 miste ein mann frå Kreken livet i eit snøskred. Han var på veg heim etter å ha sett til tamreinen sin på fjellet då skreda kom. Same året vart ein gard i Jostedalen rasert av snøskred. Folk i Sogn samla inn pengar som hjelp til å gjenreise garden.
1852
I 1852 drukna ein dreng på garden Espe i Jostedøla. Han hadde henta hesten på andre sida, og freista å ta seg over den flaumdigre elva ved å la hesten symje og sjølv halde seg fast i mana på hesten. Men vel over elva, ramla hesten bakover då den skulle klive opp elvebarden, og guten dreiv av med elva.
|
(Foto: NRK) |
1868 var den verste ulukkesvinteren på Vestlandet. I alt 150 menneske miste livet i snø- og steinskred.
9. desember 1873 gjorde sterk snøsmelting og flaum store skadar med ras og tap av tilsaman 21 menneskeliv fleire stader i indre Sogn.
1882
I 1882 miste ein dreng på garden Li i Jostedalen livet då han vart teken av eit snøskred.
1888
I 1888 drukna ein ung mann i Jostedalselva ved Neset då han og broren skulle føre turrhøy over elva. Broren berga seg opp på ein stein i elva.
1898
I 1898 gjorde ein "hundreårsflaum" i Jostedalselva kolossale skadar på jordvegen nedetter dalen. Fleire stadar braut elva seg nytt far. Bruer vart øydelagde og ei meng husdyr strauk med.
Ingen menneskeliv gjekk tapt. Etter denne flaumen vart det starta eit stort arbeid med elveforbygging langs elva.
Ei av dei største sjøulukkene i nordisk historie bar til 28. juni 1904, då det danske utvandrarskipet D/S «Norge» forliste ved sjøklippa Rock All i Atlanterhavet og 635 menneske omkom, blant dei ei kvinne frå Luster.
Drukningsulukka i Skjolden 1928
I 1928 drukna i alt ni menneske frå Skjolden då robåten dei sat i gjekk rundt etter å ha vorte råka av bylgjer frå rutebåten "Alden". Dei var om kvelden på heimveg frå gravferd på Alme då ulukka hende. Dei omkomne var fem menn og fire kvinner, derav to ektepar. Berre ein mann berga seg i land.
|
Minnesteinen etter tragedien i 1928. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003) |
Nokre av dei største kraftanlegga som har vorte bygde her i landet ligg i Fortun. Anleggsarbeidet som starta i 1956, kravde også mange liv i ulukker.
Fjerna rasfårleg stein
I 1963 vart den fårlege Børesteinen i fjellsida over Fortun sprengd bort. Folk hadde lenge ottast at steinen kunne ramle ut og råke både skulehuset og andre bygningar i dalen.
1972
I 1972 gjekk eit stort jordskred mellom husa på garden Øvre Myklemyr i Jostedalen, og garden vart fråflytta etter denne hendinga.
Snøskred i 1979
Vinteren 1979 gjorde store snøskred mykje skade i Jostedalen. Eit bustadhus på Hesjevoll vart fråflytta etter at eit snøskred kringsette huset. Fleire uthus i bygda gjekk med i skred, og mange hytter og stølshus i fjellet, m.a. i Sandhaugedalen, vart tekne av snøskred.
|
Flaumen i 1979 øydela dei fleste bruene. (Foto: NRK) |
Natta til 15. august 1979 gjorde elveflaum og ras store skadar i Jostedalen. Det var eit sterkt lokalt regnver kombinert med varm fønvind som førte til sterk snø- og bresmelting som var årsaka til flaumen.
1986
I 1986 omkom eit nederlandsk ektepar og sonen deira då dei vart råka av eit isras frå Baklibreen i Krundalen.
I 2004
omkom den 40 år gamle Ole Berge Drægni frå Fortun i flodbylgja (tsunamien) som råka strendene kring Det indiske hav etter eit undersjøisk jordskjelv den 26. desember. Drægni ferierte i Thailand. Han var eigar av Turtagrø Hotell (sjå
Fjellklatrarhotella på Turtagrø).