|
Hans Nielsen Hauge. |
Hans Nielsen Hauge kom til Luster og Hafslo første gong i 1802 etter oppmoding frå Johannes Fuglestig og Ola Fortun.
Frå denne ferda skriv Hauge at:
Folket her var stræbsomme og tarvelige, viste Skarpsindighed, taalelig Oplysning, Begiærlige til det jordiske, og nogen Stiivhed møtte mig mest her.
Kom attende
Hans Nielsen Hauge kom også på vitjing til veneflokken i Luster i 1804.
I Luster var lekpredikantane
Kristi Kristensdotter Morki, f. Hjerseggi, og
Peder Steen sentrale i Hauge-rørsla.
Hans Feigum braut i 1830 med haugianarane og skipa si eiga og sterkt religøse rørsle som vart kalla "Feigianisma". Den vart utbreidd vide omkring i Sogn og i Austlands-dalane før den døydde ut på 1870-talet.
Erik Venjum sentral i rørsla
I Hafslo vart
Erik Venjum (1817-1887) ein sentral mann i haugianarflokken, og var også leiar for haugianarrørlsa på heile Vestlandet ei tid.
Venjum sto ofte i opposisjon til soknepresten og høgkyrkjelege aktivitetar. Sjølv levde han svært nøysamt. Det vert fortalt at han hadde lyst på eit husorgel, men let det vere fordi han ikkje kunne få ord på seg i veneflokken for å vere "ødsel" og ha hang til luksus! Av same grunn nytta korkje han eller andre haugianarar sølvknappar i bestekleda.
I 1803 fann ein leivningane etter Malena Johannesdotter Sie frå Mollandsmorki i eit fjellskar ovanfor gardane. Ho hadde teke sitt eige liv. Det vart forhøyr, og sonen la skulda for mora sin lagnad på haugianarflokken.
Medlemene i rørsla var ivrige til å drive stamper og fargeri. Haugianarane i indre Sogn skal også ha prøvd seg på teglverk og saltkoking.
Haugianarar vandra ut til Nord-Noreg?
Kor sterk påverknad
Hans Nielsen Hauge hadde på ei spesiell "utvandring" som kom frå Hafslo og andre bygder i Luster frå midten av 1800-talet er uvisst, men i eit brev frå 1803 skriv han:
"Saa flittige og flinke Folk som her burde reise ud, helst til Nordland, der det er megen udyrket Jord. Der kan de befordre sin egen velstand, og tillige oplyse de Mennesker som der boede".
Haugianar skapte utvandring til Romsdalen
Frå slutten av 1700-talet og eit stykke inn på 1800-talet var det mange både frå Luster, Jostedalen og Hafslo som vandra ut og busette seg i Romsdal. Mange kjøpte seg
veldyrka gardar der - andre vart nyrydningsmenn.
Svært mange av dei som drog hadde kontakt med haugianaren og stortingsmannen
Torgeir Halvardsson Næss frå Nes som organiserte mykje av denne utvandringa til Romdalen. Torgeir Næss dreiv nemleg oppkjøp av gardar i Romsdal, og desse selde han vidare til m.a. lustringar som flytta nordover. Ein av dei som flytta nordover, var sonen Kristen Næss, som busette seg på Sommernes i Fræna.
Stortingsmann
Ola Larsson Meeg (Quam) var ein av utvandrarane til Romsdal, og han fekk sonen Ole Anton Quam som m.a. vart norsk statsråd i Stockholm.
-Les elles under Sogndal kommune artikkelen:
Haugianarar og Blåbokianarar.