Med få unntak var dei første kraftverka svært små. For å sikre nok kraft, gjekk både Luster og Hafslo kommunar på 1920-talet inn i den såkalla
Gaulasamskipnaden som skulle sikre store deler av fylket kraft ved utbygging av Gaularvassdraget i Sunnfjord.
Då dette selskapet havarerte gjekk det fleire år før Hafslo kommune på nytt gjekk inn i eit større kraftprosjekt. Det var i Årøelvi i Sogndal kommune.
A/S Årøy -
Årøykraft - vart skipa i 1941 for å stå som eigar og byggjar av den nye kraftstasjonen ved Helvetesfossen i Årøyelvi. Nokre veker før hadde ein skipa Sogndal Kraftlag og Hafslo Kraftlag, og det var desse saman med det noko eldre Leikanger kraftlag som i utgangspunktet skulle vere eigarar av A/S Årøy. Men dette var under krigen, og det vart lagt større planar for Årøy: Tyskarane ville at ein stor del av Årøy-krafta skulle nyttast til drift av dei nye anortositt-gruvene - sjå:
Anortositten i Kinsedal.
Det vart lagt planar for eit kraftspenn over Sognefjorden ved Solvorn, men dette vart ikkje noko av.
Utbygginga av kraftverket i Årøy starta i 1941. Både Sogndal Kraftlag og Hafslo Kraftlag fekk statstilskot til bygging av linenettet, og den første straumen frå Årøy-kraftverket vart lagt ut på det nye nettet ved årsskiftet 1943-1944.
Fleire mindre kraftstasjonar - mellom dei kraftstasjonane som Luster kraftlag dreiv - gjekk i samkøyring med Årøy.
Det utvikla seg ein bitter strid kring kraftrettane i Årøy-vassdraget i etterkrigsåra, og m.a. folk i Hafslo viste sterkt engasjement ved å samle inn pengar under striden.
Eigarkommunane vann kampen mot Staten om Årøykrafta. Sognekraft, der alle dei dåverande Lustra-kommunane Hafslo, Luster og Jostedal var medeigarar, tok seg av produksjon og distribusjon frå Årøy. I 1974 vart A/S Årøykraft formelt oppløyst og gjekk inn i Sognekraft.